Me har segla langt no. Veldig langt. Heilt til Amerika. Ein billett med Norwegian til USA kostar knappe 3000 kroner og tek knappe 10 timar. Me brukte 300 000 kroner og 10 månadar. Det er det me kallar dårleg value. Sidan førre post har me i tillegg til USA vitja Den Dominikanske Republikk og Cuba. Båe landa var eventyr, og me planta hælane inn i tapeten kvar dag.
Beina våre byrjar å bli sjokoladebrune. Det er kjekt fordi brunfarge er noko av det viktigaste når ein er på ferie. Ein ting me har lært på denne turen er likevel at det er billegare å ta solarium i eit år enn å segla eit år. Så neste år skal me kjøpa oss sesongkort på Brun og Blid.
På den Dominikanske Republikk leigde me motorsyklar. Somme av oss var meir heldige enn andre med syklane. Medan Daniel hadde laust bakhjul, eg hadde framdekk som punkterte annakvar time og ingen clutch, hadde Ole Martin ein kremsykkel. Sanninga er at eg og Daniel eigentleg ikkje har motorsykkellappen. Men det gjekk utruleg bra likevel. Daniel datt kun ein gong, og eg velta kun sykkelen ein gong, og kjørte av vegen ein gong. Kva skal ein med lappen?
Me har kulare båt enn dei lokale fiskarane i Samana. Nemnde eg at båten vår var er for sal, forresten? Dette herlege smykket av ein båt kan blu din! Special price today! Just mention this blog, and you´ll get 5 000 NOK off! Sjekk ut annonsa her!
På den Dominikanske Republikk drakk me mykje kaffe og røykte monge sigarar. Me la båten vår utanfor eit 5-stjerners resort, der somme gjestar ankom med helikopter, andre i superyachtar. Endeleg følte me oss heime. Inkludert i marinaprisen var tennisbane, to symjebasseng, treningsstudio, osv.
Tøffe gutar på rånetur. Ole køyrde Byggmeister Bob-stil.
Når me var leie av å køyra motorsykkel stogga me stundom og såg utetter havet. Jammen var havet vakkert på den Dominikanske Republikk. Og leie av å køyra motorsykkel vart me ofte. Vegane i landet var veldig gode, men folk har byrja stela kummelokka i vegbana. Det gjer at det er hundrevis av hol midt i vegen. Eit slikt hol er upraktisk for motorsyklistar utan førarprov, då heile framhjulet rett og slett går nedi eit 10-15 meters djupt djuv om ein er uheldig.
Som de ser var vegane i landet særs gode. Det einaste som plaga oss var dei kummelokka som ikkje var der.
Etter ei stormfull tid på havet kom me endeleg til Cuba. Der møtte me att gamle kjende. Golden Orchid låg i samme marina som oss, og saman med dei kjøpte me oss ein bil og køyrde til Havana. Neida. Me kjøpte ikkje bil, men me leigde. Men me kunne kjøpt bil, men då måtte me sikkert spart litt. Samstundes kunne me kanskje ikkje det, fordi det er løye med det, men etter nesten eit år på tur er det lite pengar på konto. Og no kjem snart det siste stipendet inn, og utan løn og stipend er det jo vanskeleg å spara. Så kva skulle me då gjort? Me kunne nok fått tak i ein bil, men då måtte me nok ha seld båten fyrst. Gira på å å gjera den beste handelen i ditt vaksne liv? Ikkje nøl, kjøp denne i dag!
På Cuba lyser det kommunisme. Det hadde me godt av, fordi i Miami lyser det kapitalisme. Me likar oss jo best i det politiske sentrum, og difor tok me bilete av ein KrF-bil. Gult er kult, stem KrF.
Jonatan frå Golden Orchid har førarprov for utrykningskøyrety og køyrer difor veldig fort. Før me visste ordet av det var me i Havana. Kaien var øydelagt, så det var bra me køyrde bil og ikkje båt. Parkeringsplassen i Havana var ikkje øydelagt.
Gutta frå Golden Orchid og Blomsterskatt i brennheit diskusjon om kva som kom fyrst av høna og egget.
Det er ikkje uvanleg å ha lokomotiv i hagen på Cuba.
Cubanarane er veteranbilentusiastar verkar det som. Nesten alle som har bil køyrer rundt i gamle amerikanske glis.
På Cuba har dei eit ”eating problem”. Det er ikkje råd å få tak i så mykje mat bortsett frå i Havana. Difor åt me helst kål, tomater og paprika. Denne lasta åt me til frukost ein dag.
Då me var på revolusjonsmuseumet og lata som om me hylla folkemordarane og rævhola Che Guevara og Fidel Castro, kom plutseleg denne agenten snikande. Han er bror min, og det vart tid for litt bromance. Ein kremkar utan like gjorde opphaldet ekstra vakkert.
Som bilete fortel fungerer kommunismen utmerka. Hus treng eigentleg ikkje vedlikehald, og legar med spesialistutdanning kan fint klara seg med 20 dollar i månaden. Alle som meinar noko anna er teite.
Kommunistar likar å røyka sigarar. Det likar me også, men berre til kos.
Og når me snakkar om kos. Plutseleg dukka denne blomen opp. Kathrine Brun. Ho har ein heilt spesiell plass i hjarta mitt, og forutan bromance vart det difor også litt romance på Cuba. Tenkja seg til. Her forhandlar ho fram god pris på deilige Cohibasigarar. Ho kan vel ikkje reknast som storrøykar, men ho køyrer stil og tek seg ein cubanar til fest. Jesus var fel til å njota det gode, og vart kalla både stordrikkar og storetar, så då må det vel vera greit at me også unnar oss litt innimellom?
Den Cubanske påskesola er nesten like sterk som påskesola i Noreg. Me hugsar på å smørja oss godt.
På Cuba er menna mannemenn og damene damedamer. Det er litt fint.
Me prøvde også å vera mannemenn og damedamer og tok oss difor ein ridetur ut på prærien. Det var stor suksess, men gjorde litt vondt i rompa. Men alle mannemenn og damedamer har vel litt vondt i rompa kanskje?
Somme bilete passar best i svart-kvitt. Då ser det litt ut som Instagrambilete, og det er jo så voldsomt i vinden for tida. Dette er typisk bondecuba. Nok eit eksempel på kor fantastisk kjekt det er med kommunisme. Alt vert på ein måte litt retro.
Trinidad er både ein by på Cuba og ei eiga øy i Karibia. Dette er frå den cubanske byen. Vakkert å sjå til. Her spring hest og kjerre om ein annan, og ingen bilar nyare enn 50-tallet er å sjå. Fint å sjå til, kanskje ikkje like kjekt å bu her som å vera turist, men pytt sann. Det er bra for Castrofamilien at turistane syns det er fint å sjå til. Då får nemleg Castroane mykje klingande mynt i kassa si. Det er greit å ha når dei sjølv skal på ferie.
Kathrine kler Trinidad godt. Det syntest cubanarane også. Det syntest eg også.
Somme ting er veldig vakkert med kommunismen. Alle er like. Stundom dreg hesten mannen, men som dette bilete syner dreg stundom mannen hesten også. Det er god fordeling i kommunistisk and.
Stundom var Håvard litt i overkant sjarmerande og han klarte nesten å erobra Kathrine. Då måtte han minnast på kven som var eldst og kven som hadde kome lengst i utdanninga. Problemet er at Håvard har vorten så forferdeleg sterk dei siste åra, så det er nesten umogleg å banka han opp.
Dei er skrekkeleg redde for regn på Cuba. Difor badar dei gjerne med paraply.
Cuba er nokså flatt. Det er litt typisk kommunistisk. Monge stader i Russland er det også flatt, og det var jo kommunisme der også før. Og Sverige er jo kommunistar og der er det også flate områder. Flate kommunistområder er fine å sjå til frå sykkelen.
Solbrent bror.
Etter at Håvard og Kathrine hadde reist var det berre det vanlege Crevet på Blomsterskatten att. Golden Orchid forlot Cuba om lag ei veke før oss, og me var åleine i Havana. Turen attende til Puerto Del Vita i Holguin var på om lag 800 kilometer, og me ville helst ikkje ta taxi. Taxiane var så rare på Cuba (sjå over). Fyrst prøvde me turistbuss, men dei var alle fulle. Så prøvde me langdistansebussar for lokale, men der fekk me ikkje lov å kjøpa billett sidan me var utlendingar. Kommunistane likar ikkje at kapitalistar tek samme bussar som dei. Politiet var stadig på rundtur på busstasjonen og sjekka at ikkje turistane lurte seg til kommunistbussturar. Men så møtte me ein forferdeleg grei dealer. Han sa at han kunne fiksa oss billett på kommunistbussen. Me måtte berre venta tre timar, så klikka han og sa at me måtte springa alt me klarte, så gjorde me det, men me sprang visst litt for seint. Så klikka han litt til, og skaffa ein gamal Ladataxi og så var det biljakt gjennom sentrum som endte med at ladataxien måtte stoppa og opna panseret for å lufta motoren sin, men han sa at han hadde ein veldig rask og veldig bra motor så det gjorde ikkje noko i det heile, før me bestakk litt folk her og litt folk der og betalte litt her og litt der og sverga på at me ikkje skulle seie eit ord på heile bussturen, og vips var me på ein buss. Akkurat når det kjem til bussystemet er det meir praktis når ein slepp å bestikka så monge for å ta ein buss, så der likar me nok det kapitalistiske systemet hakket betre enn det kommunistiske. Men det vart ei oppleving.
Då me kom attende til Puerto Del Vita brukte me ein dag på å gjera båten klar, og hadde fransk-norsk aften med to franske kjærestepar som låg i marinaen saman med oss. Altså båtane låg saman med oss. Ikkje kroppane. Det var koseleg.
Det var ikkje så lett å få tak i mat til kryssinga opp til Miami, fordi på landsbygda i Cuba har dei ikkje butikkar og i alle fall ikkje mat. Difor gjekk det i rotfrukt og tørt brød på kryssinga. Det gjekk greit, men gleda var nok ekstra stor då me denne gongen kom til sivilisasjonen i US og A. Me kom fram i solnedgongen, og innseglinga til Miami i solnedgong kan tilråast alle. Særskilt om ein seglar i SY Blomsterskatt, som forresten er for sal.
Innsjekkinga i Miami gjekk nokså greit. Me fekk beksjed om at å segla frå Cuba til USA ikkje var greit, at me ikkje hadde lov til å ta hverken oss sjølve eller båten vår inn i USA, men pytt sann, skitt la gå, drit i det, det går fint, og ”welcome to the US and A”, og vips så var me her i det lova land. Her er det det gode liv det handlar om. Og det morosame livet. Me spurte ein taxisjåfør kva som var spesielt med Miami, og han sa ”its the fun life. Fun fun fun fun fun.” Og det verkar til å stemme. Her går damene i stringtruser på gatene, og det er jo litt fun. Og på ein konsert me var på, song to jenter topplause. Men me såg ikkje på. Me er nemleg kristne, og dessutan så syns me det blir litt voldsamt. Men det er sikkert fun for dei syndige amerikanarane. Fordi dette er vel synda sitt land?
Me må få takka for det vakre besøket vårt. Takka for alle dei fine stundene, dei gode samtalane, det nye perspektivet det gav oss. Takka for glede, latter, og opplevingar. Takka går til Håvard og Kathrine, men me vil også takka Golden Orchid for no. Dei seglar lenger nord enn oss, og me treff dei nok ikkje att før me er i Noreg.
(Tekst: Roger, Foto: Roger)