Twenty years from now you will be more disappointed by the things that you didn’t do than by the ones you did do. So throw off the bowlines. Sail away from the safe harbor. Catch the trade winds in your sails. Explore. Dream. Discover. – Mark Twain

11. mars 2014

My preference is swimming in the sea. I find the sea is more liberating, wild and good fun rather than plodding up and down a pool.

Etter ein tårevåt avskjed i Tobago mytterte Daniel i to veker. Det burde han ikkje ha gjort. Fyrste natta utan Onkel Daniel køyrde me i ein bambusflåte, på veg til Grenada. Det hadde aldri skjedd om Daniel låg og sov i lugaren sin og pusta lukkepusten sin over SY Blomsterskatt. Daniel reiste til Trinidad og feira Karnival slik berre Onkel Daniel kan feira Karnival. Han mønstra på Blomsterskatt att på St. Lucia 3 kg tyngre.

I mellomtida segla eg og Ole Martin Blomsterskatt til Grenada der SuperTrygve mønstra på. Han var med til Carriacou, Union Island, Palmeøya, Tobago Cays, St. Vincent og St. Lucia. Tida med SuperTrygve var betre enn komler og pinnekjøt til saman. 


Det midlertidige crewet på Blomsterskatt. Trygve vert så uforskamma fort brun at han var like brun som oss etter berre eit par minuttar på båten. Eit sekund etter at dette bilete vart teke med Trygve sitt kamera (sjølvutløysar), datt det i vatnet og tok difor kvelden. Trygve hoppa etter det og på botnen fann han eit par nye polariserte solbriller, kameraet sitt og eit mobildeksel. Bra deal. Kameraet kom seg aldri, og mitt kjære Nikon har forsåvidt også teke kvelden etter at speilet hang seg opp. Jaja. Bra det ikkje var Trygve som datt uti vatnet og tok kvelden, eller at det var eg som hang meg opp og tok kvelden i allefall.*


Men eg hang meg opp eg også, nett som speilet på Nikonkameraet mitt. Men eg tok ikkje kvelden. Galgen eg heng i er den samme som vart brukt under innspelinga av Pirates of the Carribean. Galgenhumor.*


Trygve likar svært godt å bada og å eta is. Difor bada me ganske mykje, og åt ein del is. 


Når me ikkje bada i fossefall, bada me i varme kjelder på Grenada. Vatnet var ikkje det reinaste vatnet me har sett på turen, så særskilt Trygve vart litt skitten.


I mangel på fruktvekst på sjøen tydde me til havet sine eigne frukter. Hummeren skaffa Ole Martin på eit harpuntokt, medan me kjøpte østersen for ein halv slikk og litt ingenting av ein fiskar som var meir glad i alkohol enn Trygve er i is og bading. 


På andre sida av Atlanterhavet er alt bakvendt. Det er dette som er bakvendtland, og her kan alt gå an. Som de veit kryr det av fiskar som flyr her, og krabbane trivst betre i trea enn i sjøen. Menneska også held seg helst på 1000 meters djupn, og i gatene ser ein nesten utelukkande brennemaneter og sjøgras.


Dersom ein ser vekk ifrå motstraum og motvind er det nydeleg å segla nordover i Karibia. Sjøen er roleg, sola skin kvar dag, og temperaturane er upåklagelege.*


Palmeøya er vakker å sjå til, men passar nok betre å bu på for Kjell Inge Røkke enn for crewet på Blomsterskatt. Kanskje får me råd til ein dag på resortet på Palmeøya når me sel båten vår i sumar.


Mannskapet på Blomsterskatt vart beskuldt for å vera homofile på St. Vincent. Eg kan ikkje skjøna kvifor.**


Ole Martin dreg ofte på tokt for å skyta middag. Favoritten er hummer grilla på bål på ei øde strand, men det er helst i helgene me gjer det. I vekedagane nøyer me oss med kvitlauksmarinert hummer kokt i båten.*


På St. Vincent låg me ankra opp i bukta der dei spelte inn Pirates of The Carribean 1, 2 og 3. Etter ein rask snorkletur fann Trygve eit noko medteke menneske på botnen. Heldigvis var det laga i plastikk. For øvrig var det også ein bil og ein telefonkiosk under vatten i bukta, og då me heiste ankeret for å reisa til St. Lucia kom det opp eit stilig scateboard. Me tok sjølvsagt med oss både skjelettet, scateboardet, telefonkiosken og bilen vidare.**


St. Vincent er herleg fjellfult og grønt. Difor ville me gå på fjelltur ein dag. Etter å ha haika med tre ulike bilar og valt feil sti ein gong trudde me endeleg me var på rett spor. Me gjekk inn eit uttørka elvedjuv med godt humør, men syns kanskje stien var litt vel utfordrande for å vera hovudstien opp til fjellet. Det var fleire passasjar der me måtte klatra fleire meter opp lause steinknausar og ein stad der me måtte bruka tau for å komma oss opp. Til slutt enda elvedjuvet, og me skjøna me var gått feil, men me trudde at den eigentlege sien måtte vera like i nærleiken. Då var kantane på djuvet 40-50 meter høge. Me byrja å klatra opp ei moldside som var så bratt at vegetasjonen ikkje hadde satt seg, og måtte grava ut spor til å settja føtene og røter me kunne klamra oss fast i. Det var så bratt at me etter ei stund ikkje klarte å gå ned att heller, og oppover såg det umogleg ut. Det vart ei heseblesande oppleving, men det stoppa ikkje der. Då me endeleg kom opp med hjarta langt ute av halsen og fulle av sår og skrammer, viste det seg at me var midt i ein gigantisk marihuanaplantasje. Takk til ein særs kjekk rastafarimann kom me oss trygt ned att, medan me fekk grundig innføring i dei ulike sortane av marihuana, og korleis ein kan dyrka dei til perfeksjon. Neste gong tek me kanskje med oss guide.


Soltørka flygefisk i hendene på solbrune Trygve.


Turistkartet over St. Vincent og alle øyene rundt (Grenadinene) fungerte både som bykart og som fjellkart for oss.


Det er kjekt på tur, og me har eit godt liv. Utan rutinar på svevn og mat får ein dog litt hovudverk. Eg fekk forferdelig hovudverk den eine dagen.*


Det var gledeleg å sjå Golden Orchid att. Me fekk fine dagar med dei på Carriacou og Tobago Cays. Tida gjekk for det meste med til å feira Karnival på Carriacou, og til å dukka i krystallklårt vatn på Tobago Cays, men av og til måtte me vera litt ville og kasta oss opp i spinnakeren. Det var stor stas og fest og basar og god stemning og hæla i taket og fantastisk og kjekt og spanande and all. 



(Tekst: Roger, Foto: Roger. Bilete merka med *: Trygve. Bilete merka med **: Ole Martin.)