Twenty years from now you will be more disappointed by the things that you didn’t do than by the ones you did do. So throw off the bowlines. Sail away from the safe harbor. Catch the trade winds in your sails. Explore. Dream. Discover. – Mark Twain

31. august 2014

In the end, it's not the years in your life that count. It's the life in your years.

Dette er seint, men betre seint enn aldri. Somme ting treng å synka litt inn før ein kan skriva om det.

SY Blomsterskatt har i 2013/2014 segla 12700 nautiske mil: Noreg - UK - Europa - Vest Afrika - Karibia - USA - Bermuda - Europa - Noreg. Fast mannskap var Daniel Torkelsen, Ole Martin Djupvik og Roger Drange.

No skal me dusja i ferskvatten, slå halvstikk på skolissene, og pålestikk på bartane våre. Me skal omfamna venane våre og feira livet. Borte var jammen bra, men heime er verkeleg best. Turen var ein fantastisk pause frå våre daglege liv. Men livet, det skjer der dei me er glade i er. Difor er me no glade for å ha komne heim for å fortsetja å leva.

Me vil takka alle me møtte som gjorde turen super for oss, og for all støtte heimafrå. Mest av alt vil me takka menneskeheita for å leva opp til våre forventingar om at mennesket er grunnleggjande godt. Me har brukt tid med alkoholikarar, narkomane, mafia, millionærar, fattige, kvite, gule, brune, raude, blåe, muslimar, kristne, buddhistar, hippiar, rastafariar, tjuvar, prestar, politikarar, homofile, heterofile, bifile, store, små og svenskar. Felles for dei alle er at dei har teke imot oss med opne armar, og i løpet av heile dette året har ingen ting blitt stole frå oss, hverken frå båten eller på land. Ingen har knivstukke oss, og ingen har slått oss i ryggen med øks. Menneska er fine. Det er betre å vera naiv og risikera å feila, enn å vera skeptisk og aldri leva. Me har noko å læra frå alle me møter, og dei har noko å læra frå oss. Saman kan me gjera kvarandre betre.

Det skumlaste på jorda er frykt. Frykt er noko svineri. Frykt er ein vond illusjon som legg oss i lenkjer. Frykta er som regel verre enn det ein fryktar. Gløym frykta, grip livet. Ikkje la andre definera kven de er. Folk ler sjeldan av dykk, dei ler som regel med dykk. Kast lenkjene, gløym fordomane, spytt på undertrykkjande autoritetar og dans! Syng! Le! Å drita seg ut er ikkje mogleg. Takk kvarandre, hyll kvarandre, feir kvarandre!

Please make love. I alle fall ikkje krig. Krig er så teit. Ta vare på jorda og kvarandre. Elsk livet og folka rundt dåke. Klin litt meir. Slepp kjærleiken laus. Sjå dei svake og gjer dei sterke. Så lenge ein har kjærleik og helse er det lite som eigentleg er så farleg i den store samanhengen. Me har erfart at stormen ikkje legg seg enno kor mykje me stressar, at segla ikkje syr seg sjølv om me klagar, at båten ikkje går fortare av at me irriterar oss, og at papirarbeid sjeldan går lettare om ein kjeftar på tollaren. Men ingen storm på sjøen kan slukka solskinet i hjarta, ingen døyr om segla revnar. Og alt som er kjipt går faktisk som regel over.

Ein siste ting. Lukka kjem innafrå, og ikkje utanfrå. Ein finn ikkje lukka ute på Atlanterhavet, og heller ikkje i Karibia. Lukka ligg i hjarta. Det gjeld berre å kasta ut alt som stengjer for lukka. Då vert det bra.

Takk til dei som fylgde bloggen vår. Det set me pris på, fordi me elskar merksemd. Det var difor me segla på denne turen. For å få credz.