Nordsjøkrysset
gjekk strålande. Etter eit rivna segl i Bømlafjorden, og ei natt med sying på
Mosterhamn var me tysdag klare for å leggja ut i havet. Det starta med kuling
type sterk og bølgjer type høge. Båten kosta bortetter havet, og Roger var
overtydd om at me hadde den på plan i nesten eit døger. Det var dødsdigg, sjølv
om Roger spydde både oppover og skrått i nokre timar, og kunne tørka spy frå
håret fleire dagar etterpå. Men plutseleg byrja nok folk å be for oss, fordi det vart blikkstille.
Ver snille å ikkje be like mykje før neste havkryss, fordi det går så voldsomt seint når det er vindstille.
I Nordsjøen såg me monge plattformar. Sikkert minst tusen. Rart å tenkja på at me sikkert sigla forbi ti tusen mennesker der ute, og nesten ingen av dei ville slå av ein prat med oss over VHFen. Kjip gjeng, men dei var nok travle med å fylla opp Statens Petroleumsfond Utland. Bortsett frå plattformar såg me eit lysrøyr, ei platsflaske og ein død fugl.
Og når me ikkje spelte gitar spelte me litt munnspel.
Det er ganske fint her eigentleg.
(Tekst: Roger, Bilete: Roger)
(Tekst: Roger, Bilete: Roger)