Twenty years from now you will be more disappointed by the things that you didn’t do than by the ones you did do. So throw off the bowlines. Sail away from the safe harbor. Catch the trade winds in your sails. Explore. Dream. Discover. – Mark Twain

18. august 2013

I can't control the wind but I can adjust the sail

Førre veke har gått med til sigling frå Lossiemouth til Port Ellen, gjennom den Kaledonske Kanal. Me hadde motvind heile vegen, men det er berre bra, fordi me prøver å få vêrbitte andlet slik at me ser litt barskare ut.



Før me reiste frå Lossiemouth vitja me ein festival. Der såg me mellom anna galne folk på vasscoterar.



På veg mot Inverness fekk me ein veldig fin himmel. Skyene er forresten mykje lågare i Skottland enn heime. Ganske stilig eigentleg.



Plutselig kom 5 delfinar og leikte med båten vår. Det var jammen flaks, fordi Ole Martin elsker delfinar. Han var ikkje til å styra då delfinane plaska rundt SY Blomsterskatt.



Delfinkjærestepar.



Når me kryssar gjennom Skottland, må me gjennom sluser. Ganske mange av dei. Den fyrste slusa var litt spanande. Det er ikkje akkurat moderne teknologi dei nyttar, og slusene er veldig treige. Difor vart me fort lei.



Kappløp inn i slusa. Me vann.



Dei har fine bruer i Skottland. Dette er i høglandet. Ganske artig at me fekk med oss ein fleire tonn tung båt opp i høglandet.



På ein øde stad fann me ei bondebestemor som selde heimalaga scones i hagen sin. Me kjøpte oss scones, kaffe, te, melk, brus, is og suppe. Det smakte himmelsk og var nesten gratis.



Midt inne i Skottland er Loch Ness. Det er der det berømte monsteret Nessy bur. Me såg Nessy, og klarte akkurat å fanga ho på bilete. 



Heilt alright å sigla på ein smal kanal mellom tett skog oppe i fjella.



Fredag kom me til Port Ellen. Me trudde dette var ein storby, men staden er faktisk mindre enn Tysnes.



Er det noko dei har på øya her, så er det distilleri. Her er 8 stk eller noko slikt. Me besøkte eitt i går, og fekk smaka på 25 år gamal whisky.



Whiskytønner. Dei har så mykje whisky her at heile øya sikkert kunne ha vore fulle inn i evigheten. Me fortalte dei lokale at dei måtte passa på leveren sin, men at det var greit å kosa seg litt av og til.



Me møtte ein knallkjekk franskmann her. Ingenting er som Skottland med ein tvist av Frankrike.



Slik ser me ut. 

(Tekst: Roger, Bilete: Roger)