Etter ei veke med intense intervju med lokale, regionale og nasjonale aviser legg me på fredag siste handa på båten før me tek farvel med våre kjære no i helga. Det er jo ikkje fred å få frå desse journalistane. Men me nyt kjendistilveret til fulle, og går no med solbriller sjølv om det rignar.
Veka har mellom anna gått med til shopping. Me shoppar helst med rosa handlevogner.
Eg har prøvd korleis det er å gå lange tider utan spegel og med havet som dusj. Konkluderer med at eg ser ut som ein sir.
Me fekk laga ei kjekke sjøkøye som me nyttar når me siglar sidevegs bortettetter havet.
Og så fekk me vakkert besøk like frå Nord Noreg. Denne vakre kvinna lærte oss å koka fullkornsris.
Me festa solcellepanelet med ganske godt hell. Etter at me mista festet ned på 10 meters djup, måtte Ole Martin ta på seg våtdrakta og henta det opp att. No heng det nesten heilt fast.
Jolla trivst best på dekket på siglebåten når me skal kryssa atlanteren. Fyrste oppheising med storseilfallet var ein braksuksess.
(Tekst: Roger, Bilete: Roger)