Twenty years from now you will be more disappointed by the things that you didn’t do than by the ones you did do. So throw off the bowlines. Sail away from the safe harbor. Catch the trade winds in your sails. Explore. Dream. Discover. – Mark Twain

31. august 2014

In the end, it's not the years in your life that count. It's the life in your years.

Dette er seint, men betre seint enn aldri. Somme ting treng å synka litt inn før ein kan skriva om det.

SY Blomsterskatt har i 2013/2014 segla 12700 nautiske mil: Noreg - UK - Europa - Vest Afrika - Karibia - USA - Bermuda - Europa - Noreg. Fast mannskap var Daniel Torkelsen, Ole Martin Djupvik og Roger Drange.

No skal me dusja i ferskvatten, slå halvstikk på skolissene, og pålestikk på bartane våre. Me skal omfamna venane våre og feira livet. Borte var jammen bra, men heime er verkeleg best. Turen var ein fantastisk pause frå våre daglege liv. Men livet, det skjer der dei me er glade i er. Difor er me no glade for å ha komne heim for å fortsetja å leva.

Me vil takka alle me møtte som gjorde turen super for oss, og for all støtte heimafrå. Mest av alt vil me takka menneskeheita for å leva opp til våre forventingar om at mennesket er grunnleggjande godt. Me har brukt tid med alkoholikarar, narkomane, mafia, millionærar, fattige, kvite, gule, brune, raude, blåe, muslimar, kristne, buddhistar, hippiar, rastafariar, tjuvar, prestar, politikarar, homofile, heterofile, bifile, store, små og svenskar. Felles for dei alle er at dei har teke imot oss med opne armar, og i løpet av heile dette året har ingen ting blitt stole frå oss, hverken frå båten eller på land. Ingen har knivstukke oss, og ingen har slått oss i ryggen med øks. Menneska er fine. Det er betre å vera naiv og risikera å feila, enn å vera skeptisk og aldri leva. Me har noko å læra frå alle me møter, og dei har noko å læra frå oss. Saman kan me gjera kvarandre betre.

Det skumlaste på jorda er frykt. Frykt er noko svineri. Frykt er ein vond illusjon som legg oss i lenkjer. Frykta er som regel verre enn det ein fryktar. Gløym frykta, grip livet. Ikkje la andre definera kven de er. Folk ler sjeldan av dykk, dei ler som regel med dykk. Kast lenkjene, gløym fordomane, spytt på undertrykkjande autoritetar og dans! Syng! Le! Å drita seg ut er ikkje mogleg. Takk kvarandre, hyll kvarandre, feir kvarandre!

Please make love. I alle fall ikkje krig. Krig er så teit. Ta vare på jorda og kvarandre. Elsk livet og folka rundt dåke. Klin litt meir. Slepp kjærleiken laus. Sjå dei svake og gjer dei sterke. Så lenge ein har kjærleik og helse er det lite som eigentleg er så farleg i den store samanhengen. Me har erfart at stormen ikkje legg seg enno kor mykje me stressar, at segla ikkje syr seg sjølv om me klagar, at båten ikkje går fortare av at me irriterar oss, og at papirarbeid sjeldan går lettare om ein kjeftar på tollaren. Men ingen storm på sjøen kan slukka solskinet i hjarta, ingen døyr om segla revnar. Og alt som er kjipt går faktisk som regel over.

Ein siste ting. Lukka kjem innafrå, og ikkje utanfrå. Ein finn ikkje lukka ute på Atlanterhavet, og heller ikkje i Karibia. Lukka ligg i hjarta. Det gjeld berre å kasta ut alt som stengjer for lukka. Då vert det bra.

Takk til dei som fylgde bloggen vår. Det set me pris på, fordi me elskar merksemd. Det var difor me segla på denne turen. For å få credz.

11. mai 2014

The rules of navigation never navigated a ship. The rules of architecture never built a house.

Me har segla langt no. Veldig langt. Heilt til Amerika. Ein billett med Norwegian til USA kostar knappe 3000 kroner og tek knappe 10 timar. Me brukte 300 000 kroner og 10 månadar. Det er det me kallar dårleg value. Sidan førre post har me i tillegg til USA vitja Den Dominikanske Republikk og Cuba. Båe landa var eventyr, og me planta hælane inn i tapeten kvar dag.


Beina våre byrjar å bli sjokoladebrune. Det er kjekt fordi brunfarge er noko av det viktigaste når ein er på ferie. Ein ting me har lært på denne turen er likevel at det er billegare å ta solarium i eit år enn å segla eit år. Så neste år skal me kjøpa oss sesongkort på Brun og Blid.


På den Dominikanske Republikk leigde me motorsyklar. Somme av oss var meir heldige enn andre med syklane. Medan Daniel hadde laust bakhjul, eg hadde framdekk som punkterte annakvar time og ingen clutch, hadde Ole Martin ein kremsykkel. Sanninga er at eg og Daniel eigentleg ikkje har motorsykkellappen. Men det gjekk utruleg bra likevel. Daniel datt kun ein gong, og eg velta kun sykkelen ein gong, og kjørte av vegen ein gong. Kva skal ein med lappen?


Me har kulare båt enn dei lokale fiskarane i Samana. Nemnde eg at båten vår var er for sal, forresten?  Dette herlege smykket av ein båt kan blu din! Special price today! Just mention this blog, and you´ll get 5 000 NOK off! Sjekk ut annonsa her!


På den Dominikanske Republikk drakk me mykje kaffe og røykte monge sigarar. Me la båten vår utanfor eit 5-stjerners resort, der somme gjestar ankom med helikopter, andre i superyachtar. Endeleg følte me oss heime. Inkludert i marinaprisen var tennisbane, to symjebasseng, treningsstudio, osv.


Tøffe gutar på rånetur. Ole køyrde Byggmeister Bob-stil.


Når me var leie av å køyra motorsykkel stogga me stundom og såg utetter havet. Jammen var havet vakkert på den Dominikanske Republikk. Og leie av å køyra motorsykkel vart me ofte. Vegane i landet var veldig gode, men folk har byrja stela kummelokka i vegbana. Det gjer at det er hundrevis av hol midt i vegen. Eit slikt hol er upraktisk for motorsyklistar utan førarprov, då heile framhjulet rett og slett går nedi eit 10-15 meters djupt djuv om ein er uheldig. 


Som de ser var vegane i landet særs gode. Det einaste som plaga oss var dei kummelokka som ikkje var der.


Etter ei stormfull tid på havet kom me endeleg til Cuba. Der møtte me att gamle kjende. Golden Orchid låg i samme marina som oss, og saman med dei kjøpte me oss ein bil og køyrde til Havana. Neida. Me kjøpte ikkje bil, men me leigde. Men me kunne kjøpt bil, men då måtte me sikkert spart litt. Samstundes kunne me kanskje ikkje det, fordi det er løye med det, men etter nesten eit år på tur er det lite pengar på konto. Og no kjem snart det siste stipendet inn, og utan løn og stipend er det jo vanskeleg å spara. Så kva skulle me då gjort? Me kunne nok fått tak i ein bil, men då måtte me nok ha seld båten fyrst. Gira på å å gjera den beste handelen i ditt vaksne liv? Ikkje nøl, kjøp denne i dag!


På Cuba lyser det kommunisme. Det hadde me godt av, fordi i Miami lyser det kapitalisme. Me likar oss jo best i det politiske sentrum, og difor tok me bilete av ein KrF-bil. Gult er kult, stem KrF.


Jonatan frå Golden Orchid har førarprov for utrykningskøyrety og køyrer difor veldig fort. Før me visste ordet av det var me i Havana. Kaien var øydelagt, så det var bra me køyrde bil og ikkje båt. Parkeringsplassen i Havana var ikkje øydelagt. 

Gutta frå Golden Orchid og Blomsterskatt i brennheit diskusjon om kva som kom fyrst av høna og egget.


Det er ikkje uvanleg å ha lokomotiv i hagen på Cuba.


Cubanarane er veteranbilentusiastar verkar det som. Nesten alle som har bil køyrer rundt i gamle amerikanske glis. 


På Cuba har dei eit ”eating problem”. Det er ikkje råd å få tak i så mykje mat bortsett frå i Havana. Difor åt me helst kål, tomater og paprika. Denne lasta åt me til frukost ein dag.


Då me var på revolusjonsmuseumet og lata som om me hylla folkemordarane og rævhola Che Guevara og Fidel Castro, kom plutseleg denne agenten snikande. Han er bror min, og det vart tid for litt bromance. Ein kremkar utan like gjorde opphaldet ekstra vakkert.



Som bilete fortel fungerer kommunismen utmerka. Hus treng eigentleg ikkje vedlikehald, og legar med spesialistutdanning kan fint klara seg med 20 dollar i månaden. Alle som meinar noko anna er teite.

Kommunistar likar å røyka sigarar. Det likar me også, men berre til kos.


Og når me snakkar om kos. Plutseleg dukka denne blomen opp. Kathrine Brun. Ho har ein heilt spesiell plass i hjarta mitt, og forutan bromance vart det difor også litt romance på Cuba. Tenkja seg til. Her forhandlar ho fram god pris på deilige Cohibasigarar. Ho kan vel ikkje reknast som storrøykar, men ho køyrer stil og tek seg ein cubanar til fest. Jesus var fel til å njota det gode, og vart kalla både stordrikkar og storetar, så då må det vel vera greit at me også unnar oss litt innimellom?


Den Cubanske påskesola er nesten like sterk som påskesola i Noreg. Me hugsar på å smørja oss godt.


På Cuba er menna mannemenn og damene damedamer. Det er litt fint. 


Me prøvde også å vera mannemenn og damedamer og tok oss difor ein ridetur ut på prærien. Det var stor suksess, men gjorde litt vondt i rompa. Men alle mannemenn og damedamer har vel litt vondt i rompa kanskje?


Somme bilete passar best i svart-kvitt. Då ser det litt ut som Instagrambilete, og det er jo så voldsomt i vinden for tida. Dette er typisk bondecuba. Nok eit eksempel på kor fantastisk kjekt det er med kommunisme. Alt vert på ein måte litt retro.


Trinidad er både ein by på Cuba og ei eiga øy i Karibia. Dette er frå den cubanske byen. Vakkert å sjå til. Her spring hest og kjerre om ein annan, og ingen bilar nyare enn 50-tallet er å sjå. Fint å sjå til, kanskje ikkje like kjekt å bu her som å vera turist, men pytt sann. Det er bra for Castrofamilien at turistane syns det er fint å sjå til. Då får nemleg Castroane mykje klingande mynt i kassa si. Det er greit å ha når dei sjølv skal på ferie.


Kathrine kler Trinidad godt. Det syntest cubanarane også. Det syntest eg også.


Somme ting er veldig vakkert med kommunismen. Alle er like. Stundom dreg hesten mannen, men som dette bilete syner dreg stundom mannen hesten også. Det er god fordeling i kommunistisk and. 


Stundom var Håvard litt i overkant sjarmerande og han klarte nesten å erobra Kathrine. Då måtte han minnast på kven som var eldst og kven som hadde kome lengst i utdanninga. Problemet er at Håvard har vorten så forferdeleg sterk dei siste åra, så det er nesten umogleg å banka han opp.


Dei er skrekkeleg redde for regn på Cuba. Difor badar dei gjerne med paraply.


Cuba er nokså flatt. Det er litt typisk kommunistisk. Monge stader i Russland er det også flatt, og det var jo kommunisme der også før. Og Sverige er jo kommunistar og der er det også flate områder. Flate kommunistområder er fine å sjå til frå sykkelen.


Solbrent bror.


Etter at Håvard og Kathrine hadde reist var det berre det vanlege Crevet på Blomsterskatten att. Golden Orchid forlot Cuba om lag ei veke før oss, og me var åleine i Havana. Turen attende til Puerto Del Vita i Holguin var på om lag 800 kilometer, og me ville helst ikkje ta taxi. Taxiane var så rare på Cuba (sjå over). Fyrst prøvde me turistbuss, men dei var alle fulle. Så prøvde me langdistansebussar for lokale, men der fekk me ikkje lov å kjøpa billett sidan me var utlendingar. Kommunistane likar ikkje at kapitalistar tek samme bussar som dei. Politiet var stadig på rundtur på busstasjonen og sjekka at ikkje turistane lurte seg til kommunistbussturar. Men så møtte me ein forferdeleg grei dealer. Han sa at han kunne fiksa oss billett på kommunistbussen. Me måtte berre venta tre timar, så klikka han og sa at me måtte springa alt me klarte, så gjorde me det, men me sprang visst litt for seint. Så klikka han litt til, og skaffa ein gamal Ladataxi og så var det biljakt gjennom sentrum som endte med at ladataxien måtte stoppa og opna panseret for å lufta motoren sin, men han sa at han hadde ein veldig rask og veldig bra motor så det gjorde ikkje noko i det heile, før me bestakk litt folk her og litt folk der og betalte litt her og litt der og sverga på at me ikkje skulle seie eit ord på heile bussturen, og vips var me på ein buss. Akkurat når det kjem til bussystemet er det meir praktis når ein slepp å bestikka så monge for å ta ein buss, så der likar me nok det kapitalistiske systemet hakket betre enn det kommunistiske. Men det vart ei oppleving. 

Då me kom attende til Puerto Del Vita brukte me ein dag på å gjera båten klar, og hadde fransk-norsk aften med to franske kjærestepar som låg i marinaen saman med oss. Altså båtane låg saman med oss. Ikkje kroppane. Det var koseleg. 

Det var ikkje så lett å få tak i mat til kryssinga opp til Miami, fordi på landsbygda i Cuba har dei ikkje butikkar og i alle fall ikkje mat. Difor gjekk det i rotfrukt og tørt brød på kryssinga. Det gjekk greit, men gleda var nok ekstra stor då me denne gongen kom til sivilisasjonen i US og A. Me kom fram i solnedgongen, og innseglinga til Miami i solnedgong kan tilråast alle. Særskilt om ein seglar i SY Blomsterskatt, som forresten er for sal. 

Innsjekkinga i Miami gjekk nokså greit. Me fekk beksjed om at å segla frå Cuba til USA ikkje var greit, at me ikkje hadde lov til å ta hverken oss sjølve eller båten  vår inn i USA, men pytt sann, skitt la gå, drit i det, det går fint, og ”welcome to the US and A”, og vips så var me her i det lova land. Her er det det gode liv det handlar om. Og det morosame livet. Me spurte ein taxisjåfør kva som var spesielt med Miami, og han sa ”its the fun life. Fun fun fun fun fun.” Og det verkar til å stemme. Her går damene i stringtruser på gatene, og det er jo litt fun. Og på ein konsert me var på, song to jenter topplause. Men me såg ikkje på. Me er nemleg kristne, og dessutan så syns me det blir litt voldsamt. Men det er sikkert fun for dei syndige amerikanarane. Fordi dette er vel synda sitt land?

Me må få takka for det vakre besøket vårt. Takka for alle dei fine stundene, dei gode samtalane, det nye perspektivet det gav oss. Takka for glede, latter, og opplevingar. Takka går til Håvard og Kathrine, men me vil også takka Golden Orchid for no. Dei seglar lenger nord enn oss, og me treff dei nok ikkje att før me er i Noreg. 


(Tekst: Roger, Foto: Roger)

11. mars 2014

My preference is swimming in the sea. I find the sea is more liberating, wild and good fun rather than plodding up and down a pool.

Etter ein tårevåt avskjed i Tobago mytterte Daniel i to veker. Det burde han ikkje ha gjort. Fyrste natta utan Onkel Daniel køyrde me i ein bambusflåte, på veg til Grenada. Det hadde aldri skjedd om Daniel låg og sov i lugaren sin og pusta lukkepusten sin over SY Blomsterskatt. Daniel reiste til Trinidad og feira Karnival slik berre Onkel Daniel kan feira Karnival. Han mønstra på Blomsterskatt att på St. Lucia 3 kg tyngre.

I mellomtida segla eg og Ole Martin Blomsterskatt til Grenada der SuperTrygve mønstra på. Han var med til Carriacou, Union Island, Palmeøya, Tobago Cays, St. Vincent og St. Lucia. Tida med SuperTrygve var betre enn komler og pinnekjøt til saman. 


Det midlertidige crewet på Blomsterskatt. Trygve vert så uforskamma fort brun at han var like brun som oss etter berre eit par minuttar på båten. Eit sekund etter at dette bilete vart teke med Trygve sitt kamera (sjølvutløysar), datt det i vatnet og tok difor kvelden. Trygve hoppa etter det og på botnen fann han eit par nye polariserte solbriller, kameraet sitt og eit mobildeksel. Bra deal. Kameraet kom seg aldri, og mitt kjære Nikon har forsåvidt også teke kvelden etter at speilet hang seg opp. Jaja. Bra det ikkje var Trygve som datt uti vatnet og tok kvelden, eller at det var eg som hang meg opp og tok kvelden i allefall.*


Men eg hang meg opp eg også, nett som speilet på Nikonkameraet mitt. Men eg tok ikkje kvelden. Galgen eg heng i er den samme som vart brukt under innspelinga av Pirates of the Carribean. Galgenhumor.*


Trygve likar svært godt å bada og å eta is. Difor bada me ganske mykje, og åt ein del is. 


Når me ikkje bada i fossefall, bada me i varme kjelder på Grenada. Vatnet var ikkje det reinaste vatnet me har sett på turen, så særskilt Trygve vart litt skitten.


I mangel på fruktvekst på sjøen tydde me til havet sine eigne frukter. Hummeren skaffa Ole Martin på eit harpuntokt, medan me kjøpte østersen for ein halv slikk og litt ingenting av ein fiskar som var meir glad i alkohol enn Trygve er i is og bading. 


På andre sida av Atlanterhavet er alt bakvendt. Det er dette som er bakvendtland, og her kan alt gå an. Som de veit kryr det av fiskar som flyr her, og krabbane trivst betre i trea enn i sjøen. Menneska også held seg helst på 1000 meters djupn, og i gatene ser ein nesten utelukkande brennemaneter og sjøgras.


Dersom ein ser vekk ifrå motstraum og motvind er det nydeleg å segla nordover i Karibia. Sjøen er roleg, sola skin kvar dag, og temperaturane er upåklagelege.*


Palmeøya er vakker å sjå til, men passar nok betre å bu på for Kjell Inge Røkke enn for crewet på Blomsterskatt. Kanskje får me råd til ein dag på resortet på Palmeøya når me sel båten vår i sumar.


Mannskapet på Blomsterskatt vart beskuldt for å vera homofile på St. Vincent. Eg kan ikkje skjøna kvifor.**


Ole Martin dreg ofte på tokt for å skyta middag. Favoritten er hummer grilla på bål på ei øde strand, men det er helst i helgene me gjer det. I vekedagane nøyer me oss med kvitlauksmarinert hummer kokt i båten.*


På St. Vincent låg me ankra opp i bukta der dei spelte inn Pirates of The Carribean 1, 2 og 3. Etter ein rask snorkletur fann Trygve eit noko medteke menneske på botnen. Heldigvis var det laga i plastikk. For øvrig var det også ein bil og ein telefonkiosk under vatten i bukta, og då me heiste ankeret for å reisa til St. Lucia kom det opp eit stilig scateboard. Me tok sjølvsagt med oss både skjelettet, scateboardet, telefonkiosken og bilen vidare.**


St. Vincent er herleg fjellfult og grønt. Difor ville me gå på fjelltur ein dag. Etter å ha haika med tre ulike bilar og valt feil sti ein gong trudde me endeleg me var på rett spor. Me gjekk inn eit uttørka elvedjuv med godt humør, men syns kanskje stien var litt vel utfordrande for å vera hovudstien opp til fjellet. Det var fleire passasjar der me måtte klatra fleire meter opp lause steinknausar og ein stad der me måtte bruka tau for å komma oss opp. Til slutt enda elvedjuvet, og me skjøna me var gått feil, men me trudde at den eigentlege sien måtte vera like i nærleiken. Då var kantane på djuvet 40-50 meter høge. Me byrja å klatra opp ei moldside som var så bratt at vegetasjonen ikkje hadde satt seg, og måtte grava ut spor til å settja føtene og røter me kunne klamra oss fast i. Det var så bratt at me etter ei stund ikkje klarte å gå ned att heller, og oppover såg det umogleg ut. Det vart ei heseblesande oppleving, men det stoppa ikkje der. Då me endeleg kom opp med hjarta langt ute av halsen og fulle av sår og skrammer, viste det seg at me var midt i ein gigantisk marihuanaplantasje. Takk til ein særs kjekk rastafarimann kom me oss trygt ned att, medan me fekk grundig innføring i dei ulike sortane av marihuana, og korleis ein kan dyrka dei til perfeksjon. Neste gong tek me kanskje med oss guide.


Soltørka flygefisk i hendene på solbrune Trygve.


Turistkartet over St. Vincent og alle øyene rundt (Grenadinene) fungerte både som bykart og som fjellkart for oss.


Det er kjekt på tur, og me har eit godt liv. Utan rutinar på svevn og mat får ein dog litt hovudverk. Eg fekk forferdelig hovudverk den eine dagen.*


Det var gledeleg å sjå Golden Orchid att. Me fekk fine dagar med dei på Carriacou og Tobago Cays. Tida gjekk for det meste med til å feira Karnival på Carriacou, og til å dukka i krystallklårt vatn på Tobago Cays, men av og til måtte me vera litt ville og kasta oss opp i spinnakeren. Det var stor stas og fest og basar og god stemning og hæla i taket og fantastisk og kjekt og spanande and all. 



(Tekst: Roger, Foto: Roger. Bilete merka med *: Trygve. Bilete merka med **: Ole Martin.)

1. februar 2014

Waves crack with wicked fury against me ship's hull while ocean currents rage as the full moon rises o're the sea.

Me har sigla Blomsterskatten til Charlotteville i Trinidad og Tobago. Krysset tok oss 17 dagar. Det de no skal få høyra må de aldri nytta mot oss. Det er litt viktig at me får all den respekten me fortener etter å ha kryssa verdas andre største hav. De skjønar det, at eigentleg var det nokså enkelt. Men ikkje sei det til nokon. I grunn handla det mest om å lesa, sola seg, bada, eta og synga. Og me hadde eigentleg ingen utfordringar. Ikkje ein gong vond lukt frå underlivet opplevde me. Men me opplevde symjefugl, delfinar, me såg kval, og me fekk god tid til å tenkja oss om. No har me tenkt oss om nok for eit heilt år. Det er viktig at dersom de fortel vidare vår historie, så må de leggja på litt. Gjerne overdriv særskilt den fysiske og psykiske styrken som me måtte ha for å takla dette krysset. Kan de gjera det for oss? Fordi sanninga er eigentleg at det var lett og kjempegøy. Men me får ikkje credz av å gjera lette, kjempegøye ting.

Kvar morgon måtte me rydda dekket for symjefugl (ein fiskeaktig fugl som kan symja). Fekk diverre ikkje teke bilete av dei, men illustrasjonen over er utmerka, så det er greit.


Me starta kryssinga ilag med SY Sunrise, ein Stavangerbåt me vart kjend med på Sao Vicente. Men me var så snille at me lot dei sigla ifrå oss, og me såg dei ikkje att etter 3. døgeret. Om me ville kunne me sjølvsagt teke dei att, men me ville ikkje, fordi me ville vera lengst mogleg ute på havet for å tenkja oss om. 


Til lunch åt me som regel rå fisk. Det gjekk to kg per snute.


Til middag tilberedte me fisken litt meir. Men ikkje mykje. Dette er Ole Martin i det han er i ferd med å hiva i seg ei god tunfiskribbe.


Bading stod høgt på lista over favorittgjeremål på Atlanterhavet. Det var berre ein ting me likte betre, og det var å tenkja oss om. Daniel hang bak båten samanhengande i 15 dagar. Då han kom på land var han både svulten og tørst.


Når me ikkje tenkte oss om, las me litt i sola også. Dannelsesnivået ombord steig kraftig over Atlanterhavet. Me kan no Odyssey og War and Peace ordrett på husk. 


På eit tidspunkt hadde me så mykje fisk at me både salta og tørka nokre sider med Durado. Saltinga gjekk overraskande greit, og dei tørre filetane gjekk ned på høgkant som snacks på kveldane.


Blodsirkulasjon er viktig, difor hadde me SY Treningsstudio annankvar dag. Då løfta me manualar og gjorde slike øvingar som me lærte i gymnastikktimane på ungdomsskulen. Speedoen på bilete var ei julegåve frå Ragnhild og Lars Martin på SY Elze. Den vart flittig brukt.


Dette var synet som møtte oss då me kom fram til Tobago. Her ligg me for anker med 27-28 grader i sjøen, fine korallrev like ved båten, fine strender, og regnskog som strekk seg heilt ned til strendene. Om morgonane sym me bort til nabobåtane og får morgonkaffe der, før me sym attende og inntek ein deilig frukost. Det er eit liv ein kan kosa seg med.


Me har teke oss hyre som taxibåt, og køyrer nonstop 24/7 mellom stranda og båtane som ligg for anker.


Grønt er kult. 


Her skaffar vår gode ven Steven oss kokosnøtter for å slukka tørsten vår ute i den varme regnskogen.


Ein random mann med machete me møtte i skogen. Han hadde opna kokosnøtter før. Han såg litt mannevond ut, men han var berre snill og grei.


Eit bilete frå den lokale fiskemarknaden. Fiskarane er påpasselege med å få i seg nok alkohol før dei skal ut på havet. God stil.


I dag har me vore på austsida av øya og fridykka litt. Fine korallar, ein hummar, fargerike fiskar og artige sjøplanter gjorde det til ei staseleg oppleving. Her er dykkercrewet, beståande av vår nye "familie" frå SY Golden Orchid, SY Slow Motion og SY Yoldia.


(Tekst: Roger, Foto: Roger)