Twenty years from now you will be more disappointed by the things that you didn’t do than by the ones you did do. So throw off the bowlines. Sail away from the safe harbor. Catch the trade winds in your sails. Explore. Dream. Discover. – Mark Twain

3. november 2013

All the pathos and irony of leaving one’s youth behind is thus implicit in every joyous moment of travel: one knows that the first joy can never be recovered, and the wise traveler learns not to repeat successes but tries new places all the time.

Me er i Marokko. Me har sigla båten vår frå Stord til Marokko. Kan du tenkja deg? Ikkje for å vera høg på oss sjølv eller noko, men litt artig er det jo. Her er det fint. Moten her er noko annsleis enn i Noreg. For damene er det inn med skaut, og for menna er det ikkje inn med bart sjølv om det er movember. Me prøver så godt me kan å omstilla oss.

Sidan førre bloggpost har ruta vore omtrent slik: Sines - Lagos - Faro - Muhammedia. Ellers har me vore i Rabat og Casablanca på dagsturar.


Den siste tida i Portugal var vakker. Dette er frå Sines, kanskje ein favorittplass til no. Her var det vakre hus, vakre jenter, vakre strender og vakre menn. Sidan me er kristne tok me bilete av ei kyrkje. Vår Far har visst hus over heile verda.


I Sines bur dei veldig tett. Det er ikkje uvanleg at kvart hus er ca. 1 meter breitt. 


Gatene i Sines minna oss lite om vestlandet. Det var kanskje det kjipaste. Me vil helst at alt skal vera akkurat slik som heime.


Jolletur i solsteiken. Me hugsar å bruka solkrem. 


I Lagos var det særskilt fint. Brua på biletet er ein kopi av Golden Gate Bridge.


Medan me såg ei kyrkje i Sines, trur eg dei har ein annan religion i Lagos. Slike gudestatuar var spreidde utover heile Lagos. Faktisk var det så gale at me vurderte å konvertera og byrja å tilbe statuane. Me ombestemte oss i siste sekund.


Og trur de ikkje me møtte ho som dei skreiv om her? Ei økonomistudentine frå Noreg som hadde kjøpt seg ein bubil og køyrde rundt med den i Sør-Europa eit halvt år. Ho røykte pipe og surfa for det meste.


Me la ut på ekspedisjon og såg på den herlege kysten utanfor Lagos. Den var heilt lik som heime.


I ei hole på ei øde strand fann me ein galen holebuar. Han var naken og særs pågåande.


Strendene er herleg vakre, og eignar seg særs godt til nakenbading. Det går rykter om at det er ukult med badebukseskilje, så me prøver å få jamn tan over heile kroppen.


Ellers gjekk me ein del på fjelltur. Ekte menn går barbeint på fjelltur.


Når me vart trøytte trakk me oss tilbake og drakk ein kvarsin vaksenbrus.


Daniel er drittlei av sol og varme, og laga seg difor ein parasoll.


Faro var ein alright plass. Forutan at me nesten gjekk på grunn to gongar på veg inn var det fint å vera der. Som i Lisboa går flya lågt også over Faro.


Faro by night.


Faro vart siste destinasjon i Portugal. Frå der, la me ut mot Marokko. Trur du kanskje at eit havkryss er fryd og glede? Då må du tru på nytt. Denne videosnutten viser korleis det verkeleg er. Hardt arbeid frå morgon til kveld. Den raude tingen de ser er vindroret vårt. Det fungerer slik at me slepp å styra sjølv. Planen var forresten å reisa til Rabat frå Faro, men i Rabat slapp me ikkje inn pga. for store bylgjer i innsiglinga. Me sigla difor vidare til Muhammedia.


I Marokko nyttar dei tilhengarane sine til å frakta frukt. Desse to gutane her har tydeligvis handla ekstreme mengdar med frukt på supermarknaden. Aldri i livet om dei klarer å eta opp alt sjølv. 


Me tok oss ein svipptur til Casablanca. Livet der var meir stressande enn heime på vestlandet. Det er særs vanleg å nytta sykkel som lastebil. Me har enno ikkje sett lastebilar nytta som syklar, dog. Kva dei nyttar lastebilane sine til er difor eit mysterium.


I Rabat derimot verka livet ganske bedagelig.


I Marokko søv dei ikkje i senger, men i vogner. Han her er sikkert ein businessmann sidan han har dress. 


Vasspiperøyken ligg tungt over kysten av Marokko. Dei røyker så mykje vasspipe her at det halve kunne ha vore nok.


I Marokko har dei pengar til frukt og til moskear. Denne moskeen er bygd i 1993, har plass til 1500 menneske, og er 200 meter høg. 


Det er ein del kriminalitet her. Denne ungen prøvde å rana meg med pistol. Flaks for meg at han nytta plastikkuler den dagen. 


Rabat. Til no ein liten favoritt i Marokko.


Kyrkjegårdane er overfylte her, og også rundt gravene verkar det som om folk røyker vasspipe. Dei må tenkja meir på helsa si.


No vert me her i Mohammedia nokre dagar. Me reiser kanskje innover i landet og opp i Atlasfjella ila. veka. Etter det plukkar me opp gode Hans-Christian Küspert og Thomas Steinsland som skal vera med over til Gran Canaria. 


(Tekst: Roger, Foto: Roger)