Portugal er bra. Veldig bra. Så bra at mannskapet på SY Blomsterskatt messar "Her vil me byggja, her vil me bu" fem gongar om dagen (kl. 06.00, 12.00, 14.00, 18.00 og 22.00). Me har til no vore i Viana Do Castelo, Varzim, Porto, Aveiro, Peniche, Lisboa, Troia og Sines. Ting har for det meste gått bra også. Bortsett frå at me rivna framsiglet og tok inn 200 liter vatn siste dagen før Lisboa, noko som førte til at Daniel sin lugar har vore våt i to veker, har alt gått bra. Roger og Ole har tørre lugarar.
Sidan sist har Trygve mønstra på som mannskap i to veker. Han vaskar opp, går på do over ripa, og får bra tan. Superfin type å ha med.
Tryggleik står sterkt ombord. Sidan Trygve ikkje er så van med å vera på sjøen må han ha sikkerhetslina på uansett vêr.
Ole Martin nyttar kvart høve han har til å surfa. Daniel vart med ein gong, og han seier at det var kjekt. Roger ventar på den perfekte bylgja. Den er vanskelig å finna. Difor har han nytta tida til å sjå på borger og kyrkjer.
Roger og Daniel tok fløibanen opp på eit fjell ved Viana do Castelo.
Porto er jammen ein fin by. Alle innbyggjarane har sin eigen trikk frå 1930 som dei køyrer rundt med. Går der ikkje trikkespor der dei skal så reiser dei berre ein annan stad. Sidan spora berre går opp og ned i ei gate i Porto vert dei ein kortreist gjeng. Bilane de ser er turistbilar.
Me traff to kjekke kunstnarar på eit galleri i Porto. Dei ville så gjerne bli kjæraste med oss. Etter å ha tenkt oss litt om takka me høflig nei, men me gav dei nummeret til Håkon Lyngøy og sa at han sikkert var interresert.
Eigedomsinvestering er det siste nye ombord på SY Blomsterskatt. Her poserer Daniel og Ole utanfor ei tomt me vurderte å kjøpa midt i Porto sentrum. 1000 € for 30-40 kvm sentrumstomt.
Det vart litt vått på lugaren til Daniel.
Veldig vått.
Lisboa var ein kjekk by, med oljeraffineri midt i sentrum.
Kva skal ein med Rio og Sanfrancisco når Lisboa både har Jesusstatue og Golden Gate Bridge?
I Portugal har dei endelaust med pengar. Difor bygde dei ein endelaus strandpromenade.
I Lisboa bur folk i slott. "Ein er ikkje skikkelig mann før ein eig sitt eige slott" er mottoet deira.
Dei heimlause i Lisboa er ofte kledde i kvite overdelar. Dei drikk mykje av noko som liknar litt på urin av nokre brune glasflasker.
Det kryr av jenter i Lisboa. Av og til er det slik at Roger må halda Ole og Daniel i band (har med eit raudt hundeband frå Noreg som eg kjøpte for 299,- i 2011 på ein butikk litt utanfor Nesttun, men eg hugsar ikkje heilt kva den heiter) for at dei ikkje skal gjera noko ikkje mor mi ville gjort.
Alle som bur i Lisboa har med seg kamera, ser asiatiske ut, har solbriller på, mageveske, og går i flokk på kanskje 20-30, med ein bestemt leiar. Denne leiaren ber ofte eit flagg. Dei tek bilete av alt.
Det er ganske vanleg at folk kjøper alt for monge fliser når dei skal fliseleggja bada sine her nede. Difor flislegg dei gjerne huset i samme slengen.
Lisboa er eit kaos, men det er det vakraste kaoset eg har sett nokon gong.
På gata i Lisboa sel dei helst paraplyar, dop og brente kastanjenøtter. Me kjøpte ein paraply, og følte det var nok.
Norwegian flyr ekstra lågt over Lisboa.
"Ein er ikkje frå Lisboa om ein ikkje har ein Påfugl i hagen" er eit kjend ordtak. Me såg kun 3 påfuglar, og dei budde i hagen til ein konge som døydde på 1400-talet. Det vil seie at påfuglen på biletet her er ca. 600 år gamal.
Me har laga ny rekord med Withen. Den tek 4 personar. Då tek me berre inn litt vatn.
Men akkurat no er det eigentleg dette me gjer på mest. Me badar med haiar og portugisiske krigsskip.
Og så heng me og sleng ein del bak båten når me siglar. Det er faktisk eit hardt liv. Ofte er det direkte slitsamt å trekkja seg fram att til båten etter at ein har vore longt bak veldig lenge. Dessutan er det fort gjort å bli solbrente når me skal lufttørka på dekk etterpå. Steinhardt.
(Tekst: Roger, Foto: Roger)