Twenty years from now you will be more disappointed by the things that you didn’t do than by the ones you did do. So throw off the bowlines. Sail away from the safe harbor. Catch the trade winds in your sails. Explore. Dream. Discover. – Mark Twain

26. november 2013

You don't drown by falling in the water; you drown by staying there.

Mellom blogginnlegga går det meir og meir tid. Det er eit godt teikn. Ibsen sa: "Vi er de unge. Vi eier tiden; men tiden eier også oss." Eg veit ikkje kva det tyder, men det handlar om tid. Og eg skreiv jo nettopp om tid. Så det passar sikkert. I bokhylla mi heime har eg alle verka til Ibsen. Men eg har ikkje lese dei enno. Eller - det vil seie - eg har ikkje verka til Ibsen i bokhylla. Dei ligg faktisk på loftet. På loftet i ein kasse ligg Ibsens Samla Verk. Når eg går opp loftstrappa ligg dei til venstre, eigentleg rett over soverommet til mamma og pappa. Dei er fine folk. Mamma og pappa, altså. Dei er ikkje veldig gamle, men litt. Og Ibsen seier at me er unge. Det har han rett i. Eg er 24 år og har bursdag 7. juni. Til bursdagen min ynskjer eg meg pengar fordi eg sparer til eg skal bu i Noreg når eg kjem heim. I Noreg er det skrekkelig dyrt. Men eigentleg er det billeg, fordi me er skrekkelig rike. Men tid er jo pengar, og Ibsen seier at me eig tida, og tida eig også oss. Og det trur eg faktisk er heilt sant. Fordi me eig pengar, men jammen eig ikkje pengane oss også. Av og til stiller eg spørsmålet: "kva er sanning". Men det gjer eg berre for å verka lur. Eigentleg er eg ein vanleg kar.

Etter ei stund i Marokko mønstra det på to menneske. Saman med Thomas Steinhard og Hans-Christian Küspert naut me Marokko. Vonde røyster seier Marokko er eit byråkratihelsike. Eller eigentleg nyttar dei eit anna ord. Dei seier byråkratihelve*e. Men det seier ikkje eg, fordi eg bannar ikkje. Eg vil heller seie det er eit sandhelsike, eller eit fjellhelsike. Men ikkje byråkratihelsike. Kanskje eit magesjauhelsike. Men ikkje noko verre enn det. Vent. Det er faktisk eit massasjehelsike. Dei er fryktelig gode til å massera i Marokko. Etter Marokko reiste me til Lanzarote, og no er me på Las Palmas, Gran Canaria for å førebu oss til eksamen i teologi. Me skal verta skriftlærde, kan skjøna.


Marokkansk fengselsøy rett utanfor Essaouira. No tenkjer du kanskje at det såg lite trivelig ut? Kanskje tenkjer du nedlatande om marrokanarane no? Då syns eg du skal ta deg ein tur i fengsel i Noreg og sjå om det er så forferdelig mykje betre der. 


Måker er trekkfuglar. Desse to traff me på Bømlo i juli, og jammen hadde ikkje dei også teke turen til Marokko.


Me kjøpte eit halvt kilo krydder på ein marknad i Marrakech. I Marokko kan dei verkeleg krydder. Einaste som er litt kjipt er at all maten vår no smakar det same. Men det problemet løyste me glatt ved å slutta å laga mat sjølv, og eta middag ute dei siste 20 av 23 dagane. 


Saman med mannskapet på SY Elze drog me på utflukt til Atlasfjella. Her er Ragnhild frå SY Elze, som forsåvidt også er syster til Daniel, på fruktshopping i fjellklede.


Ei bygd ved foten av Atlasfjella. Trivelig skue, men litt kaldt. Og ein reiser vel ikkje til Afrika for å frysa.


Til overrasking for monge klarte me å komma oss opp på den høgaste toppen i Atlasfjella, Jebel Toubkal (4167 moh). Det var så lett at det er til å le av. Me var faktisk ikkje slitne ein gong. Eller sveitte. Det var så lett at me fylte stein i ryggsekken og tok to steg tilbake for kvart steg me tok fram i fleire timar berre for at me skulle kunne kalla det ei treningsøkt. 


Me tok ein snarveg på veg ned som vart litt i brattaste laget. Men Daniel hadde så gode fjellklede at det gjekk bra. 


Fjellgeiter. 


Då me kom ned att frå Jebel Toubkal hadde det allereie vorten haust i Marokko. Det var då me innsåg at me måtte vidare. 


Me fekk oss forresten eit par venar i Muhammedia. Her er Hassan og Mr Doctor, samt ein servitør som ikkje har så mykje hår på hovudet. Hassan var businessmann og tok oss på sightseeing. Når han ville eta på ein restaurant med oss var det ikkje eit problem at restauranten var stengd for kvelden. Når Hassan skal eta, då opnar dei restauranten for han. Kjekt å ha ein slik kamerat. Mr Doctor er også handy å ha. Han kunne skaffa all medisin i heile Marokko til oss, sa han. 


Thomas Steinhard mønstra på i Muhammedia, og var med oss til Lanzarote. Oppførte seg eksemplarisk. Les meir om det heilt i slutten av innlegget.


Me vart nesten kapra av piratar. Me såg denne piratbåten, og skjøna at anten er det oss som ryk, elles er det dei. Med hjarta i halsen såg me på dei der dei demonstrativt synte si makt ved å fiska og trekka garn. Litt sånn "me er uansett sterkare enn dåke, så me kan fiska litt me, før me tar dåke". Til slutt drog dei heldigvis vekk, og salige innsåg me at me den dagen fekk livet i gåve. 


Me har slått gamlerekorden med fire personar i vår åtte fots With. I Essaouira køyrde me med fem personar ombord rett som det var, til stor underhaldning for lokale fiskarar, turistar og hamnevesenet.


I Essaouira kom eventyraren Hans-Christian ombord. Eit friskt pust å ha med seg. Som Thomas oppførte han seg eksemplarisk. Les meir om det heilt i slutten av innlegget.


Marokko har ørken. Men me var eigentleg ikkje i ørkenen. Men me var på ei strand. Der tok me dette bilete. Ser litt ut som ein ørken, gjer det ikkje det? Og Lars Saabye-Christensen seier at det er ikkje det du ser som er viktig, men det du trur du ser. *


På ekspedisjon. Solbrillene til Thomas er fake, forresten. *


Frå hamna i Essaouira. Ein ser at fargen på garna er prega av haustmoten i Noreg hausten 2012. Elles er det maritime fargar som går att på fiskebåtane.


Etter at kulden kom til Marokko reiste me mot Kanariøyene. Det vart eit veldig vakkert kryss med vår fyrste regnboge frå måneljos. Nesten til å verta sentimental av. Men når ein er fem gutar ombord på ein båt er det ikkje akkurat rom for å vera sentimental.


Og me som trudde at me ikkje skulle få sjå ørkenen i år, me fekk sjå ørken! På Lanzarote hadde dei ørken. Iallefall kamelar. Og kamelane bur vel i ørkenen. 


På Lanzarote mønstra Abdul på (bilete). Han skal vera med som mannskap over til Karibia. 


Ein kan seia mykje rart om Lanzarote, men ikkje alt gagnar. Det er varmt der. Og naturen er fin. Det gagnar det å seie. Og dersom ein likar å vera med norske pensjonistar er det eit eldorado. 


Når alle andre har pensjonert seg, og me ikkje vil pensjonera oss enno, er det ikkje mykje å finna på på Lanzarote. Difor byrja me å kasta stein ned ei klippe. Det var så gøy at me gjorde det i fleire timar. *



Me er særs takksame for at folk ynskjer å vitja oss. Me har god erfaring med det, og vil takka alle som har vore med oss til no. I dag er det Hans og Thomas som skal ha takk. De målte kvardagen vår med sterkare fargar enn me hadde klart sjølv. Om andre vil vera med, så kan de berre drita i det. Neida. Me vil ha folk med. Gje ein ljod!


(Tekst: Roger, Foto: Roger. Foto merka med * er tekne av Hans)

3. november 2013

All the pathos and irony of leaving one’s youth behind is thus implicit in every joyous moment of travel: one knows that the first joy can never be recovered, and the wise traveler learns not to repeat successes but tries new places all the time.

Me er i Marokko. Me har sigla båten vår frå Stord til Marokko. Kan du tenkja deg? Ikkje for å vera høg på oss sjølv eller noko, men litt artig er det jo. Her er det fint. Moten her er noko annsleis enn i Noreg. For damene er det inn med skaut, og for menna er det ikkje inn med bart sjølv om det er movember. Me prøver så godt me kan å omstilla oss.

Sidan førre bloggpost har ruta vore omtrent slik: Sines - Lagos - Faro - Muhammedia. Ellers har me vore i Rabat og Casablanca på dagsturar.


Den siste tida i Portugal var vakker. Dette er frå Sines, kanskje ein favorittplass til no. Her var det vakre hus, vakre jenter, vakre strender og vakre menn. Sidan me er kristne tok me bilete av ei kyrkje. Vår Far har visst hus over heile verda.


I Sines bur dei veldig tett. Det er ikkje uvanleg at kvart hus er ca. 1 meter breitt. 


Gatene i Sines minna oss lite om vestlandet. Det var kanskje det kjipaste. Me vil helst at alt skal vera akkurat slik som heime.


Jolletur i solsteiken. Me hugsar å bruka solkrem. 


I Lagos var det særskilt fint. Brua på biletet er ein kopi av Golden Gate Bridge.


Medan me såg ei kyrkje i Sines, trur eg dei har ein annan religion i Lagos. Slike gudestatuar var spreidde utover heile Lagos. Faktisk var det så gale at me vurderte å konvertera og byrja å tilbe statuane. Me ombestemte oss i siste sekund.


Og trur de ikkje me møtte ho som dei skreiv om her? Ei økonomistudentine frå Noreg som hadde kjøpt seg ein bubil og køyrde rundt med den i Sør-Europa eit halvt år. Ho røykte pipe og surfa for det meste.


Me la ut på ekspedisjon og såg på den herlege kysten utanfor Lagos. Den var heilt lik som heime.


I ei hole på ei øde strand fann me ein galen holebuar. Han var naken og særs pågåande.


Strendene er herleg vakre, og eignar seg særs godt til nakenbading. Det går rykter om at det er ukult med badebukseskilje, så me prøver å få jamn tan over heile kroppen.


Ellers gjekk me ein del på fjelltur. Ekte menn går barbeint på fjelltur.


Når me vart trøytte trakk me oss tilbake og drakk ein kvarsin vaksenbrus.


Daniel er drittlei av sol og varme, og laga seg difor ein parasoll.


Faro var ein alright plass. Forutan at me nesten gjekk på grunn to gongar på veg inn var det fint å vera der. Som i Lisboa går flya lågt også over Faro.


Faro by night.


Faro vart siste destinasjon i Portugal. Frå der, la me ut mot Marokko. Trur du kanskje at eit havkryss er fryd og glede? Då må du tru på nytt. Denne videosnutten viser korleis det verkeleg er. Hardt arbeid frå morgon til kveld. Den raude tingen de ser er vindroret vårt. Det fungerer slik at me slepp å styra sjølv. Planen var forresten å reisa til Rabat frå Faro, men i Rabat slapp me ikkje inn pga. for store bylgjer i innsiglinga. Me sigla difor vidare til Muhammedia.


I Marokko nyttar dei tilhengarane sine til å frakta frukt. Desse to gutane her har tydeligvis handla ekstreme mengdar med frukt på supermarknaden. Aldri i livet om dei klarer å eta opp alt sjølv. 


Me tok oss ein svipptur til Casablanca. Livet der var meir stressande enn heime på vestlandet. Det er særs vanleg å nytta sykkel som lastebil. Me har enno ikkje sett lastebilar nytta som syklar, dog. Kva dei nyttar lastebilane sine til er difor eit mysterium.


I Rabat derimot verka livet ganske bedagelig.


I Marokko søv dei ikkje i senger, men i vogner. Han her er sikkert ein businessmann sidan han har dress. 


Vasspiperøyken ligg tungt over kysten av Marokko. Dei røyker så mykje vasspipe her at det halve kunne ha vore nok.


I Marokko har dei pengar til frukt og til moskear. Denne moskeen er bygd i 1993, har plass til 1500 menneske, og er 200 meter høg. 


Det er ein del kriminalitet her. Denne ungen prøvde å rana meg med pistol. Flaks for meg at han nytta plastikkuler den dagen. 


Rabat. Til no ein liten favoritt i Marokko.


Kyrkjegårdane er overfylte her, og også rundt gravene verkar det som om folk røyker vasspipe. Dei må tenkja meir på helsa si.


No vert me her i Mohammedia nokre dagar. Me reiser kanskje innover i landet og opp i Atlasfjella ila. veka. Etter det plukkar me opp gode Hans-Christian Küspert og Thomas Steinsland som skal vera med over til Gran Canaria. 


(Tekst: Roger, Foto: Roger)