Me klarte det. Me kom oss til Spania, landet som flyt over av arbeidsløyse, jomfruer og vindruer. Havstrekket over Biscaya gjekk over all forventning og var unnagjort på 4 døgn. Eg syns det er litt rart at me brukte 4 døgn eigentleg, fordi me møtte ein liten storm på turen, og båten verka til å gå i minst 30 knop. Strekket er på 502 nm, og med 30 knop skulle det gje oss ei tid på 16,7 timar. Men etter 16,7 timar på havet såg me framleis Irland. Dårleg stemning.
Ein storm. Kva er eigentleg ein storm? Me har ikkje vindmålar, så me vil ikkje skryta på oss noko, men me måler vinden på sveisen til Ole. Sveisen stod rett ut, og bylgjene var høge som sirkusveggar. Det pleier å bety storm. Og så gjorde me fartsrekord. 8,9 knop med kun ein flik av framseglet oppe. Me fekk også vaska ein del elektrisk utstyr og båten generelt i bølgjesprut og saltvatn. Autopiloten er for eksempel ferdig salta. Den er snart ferdig i tørketrommelen.
Salt. I heiane kor mykje salt det er i eit hav. Me liker godt fenalår og spekeskinke om bord, og er generelt van med salt i grauten, men dette strekket vart i saltaste laget for oss. Me var kvite i andleta våre då me kom fram. I matlaginga trengte me berre kosta håret litt over gryta, og maten vart ramsalt.
Me hadde med oss ein ekstra matros over havet. Det er beinhardt på Blomsterskatt, sidan to av kapteinane har vore i militæret. Kvar morgon kl. 06.00 er det morgontrim med knebøyg, symjing, og armhevingar. Etter økta må alle stå i giv akt i 3 kvarter før dei helsar på eit fotografi av gamlerektoren på Framnes. Jørgen klarte dette fint.
Jørgen er ein super vaskar. Han vasker ein heil middagsoppvask i saltvatn på under 5 minutt. Kvifor vaskar dei opp i saltvatn tenkjer du kanskje? Det har eg også lurt litt på. Fordi me hadde faktisk med oss 20 liter vatn pr person pr dag. Eg trur sanninga er at me vaskar opp i saltvatn fordi ein får skjegg av slikt. Det er nemlig uhorvelig barskt å bruka maskuline element frå naturen når ein fyrst må sysla med det som høyrer det feminine til.
På havstrekk vert det beskjedne middagar. De kan sjølv tenkja dåke korleis det er å laga mat når båten krengjer 40 grader og bølgjene er over 6 meter høge. Difor går det helst i enkle rettar som biff, kyllingfilet, ovnsbakte kotelettar på ei seng av kvitlauk og fargerike grønsaker. Det er hardt, men så kosar me oss heller litt ekstra når me kjem til land då.
Ole Martin vart gangster i Biscaya. Han er framleis veldig alright, men som de ser har han endra stilen sin litt. Noko av det fyrste han gjorde når han kom i land var å gå på Casino. Kva vert det neste?
Ein får god tid til samtale på havet. Her diskuterer Roger og Daniel det evige spørsmålet om kven som kom fyrst av høna og egget. Det enda med bitter strid og blåmerker.
Det er ikkje alltid storm på havet. Av og til er det veldig vakkert og roleg.
Blokka til storseilfallet i toppen av masta var sprukke og gjorde heisinga av siglet til ein styrkeprove som vart for tung sjølv for det velbygde mannskapet på Blomsterskatt. Heile gjengen heiste seg opp i masta for å ta ein titt, og etter tredje turen opp, var problemet løyst. Det var faktisk veldig høgt. Me lurte litt på å stupa frå toppen, men bestemte oss for å heller gjera det ein annan gong fordi vatnet var så kaldt.
Finanskrisa roper mot oss. Me skulle på shopping, men alle butikkane er jo lagt ned i Spania.
(Tekst: Roger, Bilete: Roger)