Me har brukt to veker langs spanskekysten. Det var nydeleg, men då me vakna i dagmorges og ikkje kunne eta frukost naken ute fann me ut at det var for seint i sesongen, og me reiste til Portugal. På veg ned gjorde me ny fartsrekord med gode 9,8 knop.
Spania var kjekt det, altså. Me fekk tid til å både surfa, nakenbada, og skriva dikt. Kvar sin smak.
No er me i Viana do Castelo, ein by som er i brann i skrivande stund. Me har lenge snakka om at me skulle brenna oss eit bål, men no treng me ikkje det. Himmelen er grå av røyk, og åsane rundt oss står i brann. Så me storkosar oss, og spelar gitar og fortel skrøner frå gamledagar. Skikkelig bålkos. Jammen bra me bur i båt forresten. I Portugal tek dei det ikkje så tungt at det brenn litt, livet går vidare.
Ein dag trudde me me fann ein fantastisk ankringsplass i Spania, bak ein molo som var nesten like stor som heile Noreg.
Me gjekk i land, og såg til vår forskrekkelse at sikkert ein million fuglar låg og sov ein veldig tung svevn på toppen av moloen. Nedsig, men me var ikkje klare for å sova tungt enno, så me måtte finna ein annan plass for ikkje å verta smitta.
Det er ikkje farleg å sjå etter ankringsplass når kysten er så fin som den er i Spania.
Og til slutt finn ein jo alltids ein alright plass å ankra opp. Det ser kaldt ut, og du? Det er det faktisk også. Sikkert ikkje meir enn 23 grader.
Spania har både strender og hus.
Bestiller du ein Cola i Spania får du eit måltid med på kjøpet. Ikkje løye dei vart råka hardt av finanskrisa når dei gjer deg drikke, lunch og dessert for €1,5.
Ein dag vakna me av voldsomme ljodar utanfor båten. Med dødsangst såg me ut, og såg til vår forskrekking at to fly dreiv og toucha vatnet ved sida av oss gjentekne gongar. Dei var særs nærme båten. Det viste seg at det var ein skogbrann, og at flya henta sjøvatn for å slukka brannen. Me vart sittjande i båten eit par timar og sjå på at dei to flya stadig landa nærmare og nærmare båten, og til slutt gjekk dei samstundes ned i sjøen og opp att på kvar si side av oss. Då fann me ut at det tryggaste var å ta med seg forsikringspapira og rømja til land. Det gjorde me. Då me var attende var flya vekke, men båten låg der like stolt og fin som alltid.
Daniel ville ut og leika med flya, og prøvde å køyra i vegen for dei.
På fritida har me gjort litt tagging på husveggar, men det er ikkje mykje. Me har berre med oss tre malingsfargar. Dersom du vil sponsa oss med fleire kan du settja innpå pengar på 3525.11.03168. Merk med "Kollekt". Du treng ikkje skriva kven dei er frå. Hugs kva det står skrive: "Når du gir en slik gave, skal ikke den venstre hånden vite hva den høyre gjør, for at det kan være en gave i det skjulte. Og din Far, som ser i det skjulte, skal lønne deg." (Matt. 6, 3-4)
Mannskapet på Blomsterskatt. Daniel var snill gut heile tida me tok bilete, og fekk difor snop då me kom attende i båten.
Siste dagen i Spania vitja me ei øy utanfor Vigo. Der var det jammen fint.
Øya, Islas Cites, er eigentleg ein nasjonalpark, og husar fantastiske fuglar. Me såg denne rare fuglen. Den er kvit og grå, lever helst ved sjøen, og et mellom anna fisk. Dei kallar han seagull. Eit bilete av ein slik fugl kan vera verdt millionar. Dei er heldige som har eit heilt reservat av slike her i Spania. Når eg blir stor trur eg eg vil importera dei til Noreg og prøva å få dei til å bu på vestlandet. Helst langs kysten. Tenk å vakna opp til sang av dette vakre nøstet kvar morgon.
Den rare fuglen opptrer helst i flokk.
Og tru det eller ei, men fuglen driv faktisk med stepping på fritida.
I dag, fyrste dagen vår i Portugal gjekk me på tur i ei trong gate fordi det er der dei kule går. Plutselig vart me overfellt av ein gjeng med galne jenter. Dei snakka hol i hovudet på oss, og skulle absolutt synga for oss. Til slutt klarte me å rista dei av oss. Det viste seg at me var mykje sterkare enn dei, så me berre banka dei opp litt. Neida.
(Tekst: Roger, Bilete: Roger)