Twenty years from now you will be more disappointed by the things that you didn’t do than by the ones you did do. So throw off the bowlines. Sail away from the safe harbor. Catch the trade winds in your sails. Explore. Dream. Discover. – Mark Twain

28. juli 2013

Ei veke att


No byrjar det for alvor å nærme seg avreise. Dei siste vekene har gått med til å klargjere båten, flytte frå leilegheit, pleie diverse forhold og bunkring av eigenkapital. Båten er no sjøsett og har si heimehavn i Leirvik sentrum. Der har me fått oppgradert det elektriske "systemet" og montert diverse dumpedittar. For å brødfø dumpedittane med straum har me investert i grøn energi. Det er ikkje fordi me er særs opptekne av miljøet, men meir av egen komfort. Med solcellpanel og vindgenerator kan me truleg/forhåpentlegvis leske i oss iskalde ekvivalentar i diverse uthamner nedover Europa. 

For å oppretthalde ein viss tryggleiksfaktor kjøpte me inn ein ny redningsflåte. Det sat eit solid skår i budsjettet, men å ha ein flåte frå 1990 som sin siste utveg i ein naudssituasjon kan brott følast litt surt om den ikkje skulle blåse seg opp.

Etter at Daniel returnerte frå sin heseblesande bandturné med svenske "groupier" hengande på slep, har han stort sett vert å sjå i båten. Det er godt og kjenna på at me fungerer godt ilag sjølv om underteikna kan bli litt vel styrande iblant. Men Daniel er ikkje redd for å seia ifrå om han tykkjer eg går øve streken.

For å komme med eit døme på korleis det er å bu på ein seglbåt over lange havstrekk kan du prøve å førestille deg at du skal opphalde deg i ein liten leilegheit i 3 veker utan å kunne gå ut og snakke med andre. Det er kunn dei to andre du kan kommunisere med, og i tillegg har du liten variasjon i mat, ingen dusj og ei seng som er i konstant rørsle. Det kan tenkast at ein på sikt ikkje tykkjer alt er smertefritt. Difor er det avgjerande at me kjem godt overeins med kvarandre og tar opp problema fortløpande. Me har snakka mykje om korleis me vil ha det på turen, noko me tykkjer kan vera avgjerande for korleis me kjem til å ha det om bord. Då me allereie kjenner kvarandre godt trur me dette skal gå fint. Trur eg hadde vore meir skeptisk om eg reiste med totalt framande.

Tysdag var eg og Daniel og kjøpte inn diverse tryggleiksutstyr og anna som er vanskeleg å få tak i på Stord. Der var me innom Viking Rescue, og dei var så kjekke at me fekk tre overlevingsdrakter og mykje anna utsyr som er naudsynt dersom ein må gå i flåten utpå havet. Utruleg kjekt at da er folk som har lyst til og vera med å sponsa turen litt.

Då det berre er litt over ei veka til avreise kjenner eg at det ikkje heilt har gått opp for meg at me faktisk skal vera vekke i eit heilt år på tur. Det har nok ein samanheng med at det er hektisk både på jobb og i båten for tida. Noko som eg var forberedt på, men det legg ein liten dempar på reisefeberen. Men veit du kva? Me skal få da så kjekt!




(Tekst: Ole Martin)