Twenty years from now you will be more disappointed by the things that you didn’t do than by the ones you did do. So throw off the bowlines. Sail away from the safe harbor. Catch the trade winds in your sails. Explore. Dream. Discover. – Mark Twain

1. februar 2014

Waves crack with wicked fury against me ship's hull while ocean currents rage as the full moon rises o're the sea.

Me har sigla Blomsterskatten til Charlotteville i Trinidad og Tobago. Krysset tok oss 17 dagar. Det de no skal få høyra må de aldri nytta mot oss. Det er litt viktig at me får all den respekten me fortener etter å ha kryssa verdas andre største hav. De skjønar det, at eigentleg var det nokså enkelt. Men ikkje sei det til nokon. I grunn handla det mest om å lesa, sola seg, bada, eta og synga. Og me hadde eigentleg ingen utfordringar. Ikkje ein gong vond lukt frå underlivet opplevde me. Men me opplevde symjefugl, delfinar, me såg kval, og me fekk god tid til å tenkja oss om. No har me tenkt oss om nok for eit heilt år. Det er viktig at dersom de fortel vidare vår historie, så må de leggja på litt. Gjerne overdriv særskilt den fysiske og psykiske styrken som me måtte ha for å takla dette krysset. Kan de gjera det for oss? Fordi sanninga er eigentleg at det var lett og kjempegøy. Men me får ikkje credz av å gjera lette, kjempegøye ting.

Kvar morgon måtte me rydda dekket for symjefugl (ein fiskeaktig fugl som kan symja). Fekk diverre ikkje teke bilete av dei, men illustrasjonen over er utmerka, så det er greit.


Me starta kryssinga ilag med SY Sunrise, ein Stavangerbåt me vart kjend med på Sao Vicente. Men me var så snille at me lot dei sigla ifrå oss, og me såg dei ikkje att etter 3. døgeret. Om me ville kunne me sjølvsagt teke dei att, men me ville ikkje, fordi me ville vera lengst mogleg ute på havet for å tenkja oss om. 


Til lunch åt me som regel rå fisk. Det gjekk to kg per snute.


Til middag tilberedte me fisken litt meir. Men ikkje mykje. Dette er Ole Martin i det han er i ferd med å hiva i seg ei god tunfiskribbe.


Bading stod høgt på lista over favorittgjeremål på Atlanterhavet. Det var berre ein ting me likte betre, og det var å tenkja oss om. Daniel hang bak båten samanhengande i 15 dagar. Då han kom på land var han både svulten og tørst.


Når me ikkje tenkte oss om, las me litt i sola også. Dannelsesnivået ombord steig kraftig over Atlanterhavet. Me kan no Odyssey og War and Peace ordrett på husk. 


På eit tidspunkt hadde me så mykje fisk at me både salta og tørka nokre sider med Durado. Saltinga gjekk overraskande greit, og dei tørre filetane gjekk ned på høgkant som snacks på kveldane.


Blodsirkulasjon er viktig, difor hadde me SY Treningsstudio annankvar dag. Då løfta me manualar og gjorde slike øvingar som me lærte i gymnastikktimane på ungdomsskulen. Speedoen på bilete var ei julegåve frå Ragnhild og Lars Martin på SY Elze. Den vart flittig brukt.


Dette var synet som møtte oss då me kom fram til Tobago. Her ligg me for anker med 27-28 grader i sjøen, fine korallrev like ved båten, fine strender, og regnskog som strekk seg heilt ned til strendene. Om morgonane sym me bort til nabobåtane og får morgonkaffe der, før me sym attende og inntek ein deilig frukost. Det er eit liv ein kan kosa seg med.


Me har teke oss hyre som taxibåt, og køyrer nonstop 24/7 mellom stranda og båtane som ligg for anker.


Grønt er kult. 


Her skaffar vår gode ven Steven oss kokosnøtter for å slukka tørsten vår ute i den varme regnskogen.


Ein random mann med machete me møtte i skogen. Han hadde opna kokosnøtter før. Han såg litt mannevond ut, men han var berre snill og grei.


Eit bilete frå den lokale fiskemarknaden. Fiskarane er påpasselege med å få i seg nok alkohol før dei skal ut på havet. God stil.


I dag har me vore på austsida av øya og fridykka litt. Fine korallar, ein hummar, fargerike fiskar og artige sjøplanter gjorde det til ei staseleg oppleving. Her er dykkercrewet, beståande av vår nye "familie" frå SY Golden Orchid, SY Slow Motion og SY Yoldia.


(Tekst: Roger, Foto: Roger)