Twenty years from now you will be more disappointed by the things that you didn’t do than by the ones you did do. So throw off the bowlines. Sail away from the safe harbor. Catch the trade winds in your sails. Explore. Dream. Discover. – Mark Twain

9. januar 2014

Here we go mother on the shipless ocean. Pity us, pity the ocean, here we go.

Fredag 10.01.14 klokka 09.00 legg SY Blomsterskatt ut for å kryssa Atlanterhavet. Me har med oss vatn, mat og redningsvest. Dette blir stas! Me har kurs mot Tobago, og reknar med å vera framme etter om lag 16 døger.

6. januar 2014

Let's get together to fight this holy armagiddyon, so when the man comes there will be no, no doom. Have pity on those whose chances grows t'inner, there ain't no hiding place from the father of creation. Sayin': One Love!

Å stå i ei gate saman med ti tusen andre. Å høyra dei afrikanske rytmane tromma på trommehinnene. Å kjenna bassen i brystet. Å sjå korleis massane rundt deg ikkje er statiske, men dynamiske. Ikkje kalde, men varme. Å sjå sveitte menneske som lever i eitt med musikken, sveittar, dansar og syng. Å synga saman med ein horde av lokale. Å syngja ”One Love” av Bob Marley kl. 02.00 den 01.01.14. Å syngja for full hals ilag med ei heil folkemengd som også kjenner teksten.  Å kjenna at frykta for å dumma seg ut ikkje er tilstades, fordi her handlar det om å ha det fint, ikkje om å sjå fin ut. Å sjå korleis det er mogleg å sleppa alle hemningar laus, og berre dansa. Å sjå og føla at me faktisk lever. Å sjå at dei lokale er våte, fordi dei akkurat har teke nyttårsbadet sitt. Eit kollektivt bad der dei spring uti sjøen med festklede på, leia an av ein mann med eit naudbluss i handa. Å stå side om side med born, ungdommar, vaksne og gamle. Det er ei oppleving. Me er på Kapp Verde, og me lever.

Tida på Gran Canaria var veldig fin. Mest på grunn av folka. Las Palmas er ein OK by, og kan igrunn tilråast som reisemål. Resten av kyststripa passar nok betre for dei i rullator enn for oss under 104 år. Fortuan at me leigde superkule 125cc scooterar og såg ein del av øya, og arrangerte eit julebord eksklusivt for skandinavarar, gjekk tida for det meste til studering. 


På Blomsterskatt gjer me det skikkelig når me fyrst arrangerer noko. Dette er frå julebordet vårt, med live klassisk musikk. På det meste var det 13 om bord i SY Blomsterskatt. Der det er hjarterom er det husrom, og er det noko me verkeleg har på Blomsterskatt så er det hjarterom. Det er sikkert fordi Jesus bur i hjartene våre. 


Oss i lag med favorittsvenskane våre, Karl Oscar, Martin, og Pontus. Me låg ved sida av dei i tre veker, og dei skal ha mykje av takka for at me i dag snakkar flytande svensk og har fått oss svenske pass.


Atlanterhavet si due, kallar dei båten vår. SY Blomsterskatt er verkeleg eit syn. Ein nydelegare båt ser ein ikkje nokon stad. Særskilt dei gråsvarte eksosmønstera i hekken vekkjer oppsyn. "I have never seen such a beautiful boat" er typisk kommentar me får. Ein annan er: "You have so beautiful grey-black marks on the back of your boat. It is like art!" Her er gliset SY Blomsterskatt på veg ut i frå hamna i Las Palmas. Med vindar mellom 10 og 15 m/s i perfekt retning mot Kapp Verde vart ikkje kryssinga eit stort problem. 6 døger og 2 timar brukte me på 870nm, noko som gav oss nesten verdsrekord (der skal det vera sterkt trykk på nesten). Me snitta på om lag 6 knop, noko som er friskt for Blomsterskatt.*


På Atlanterhavet fekk me to paler på kroken. Som det går fram av bilete var dei litt lengre enn dei palene me får i vestlandsfjordane i Noreg. Elles var dei prikk like. 


På Kapp Verde er det monge gamle menn med furete andlet som alle seier at dei har budd i USA og sigla i Noreg, og har rike onklar og tanter i Frankrike. Dette er ein av dei. Han heiter Rodriguez og ville veldig gjerne ha buksene våre. Dei kunne han forsåvidt fått, fordi me nyttar helst shorts på Kapp Verde for å få maksimal tan.


I Mindelo er farge status. Innsida av husa her minnar mykje om innsida av garasjane me har heime. Utsida derimot minnar meir om slottet til Kong Harald enn om noko anna. Ikkje det at Kong Harald har eit så alt for fint slott. Men det er i det minste eit slott. Kva syns de om monarkiet i Noreg forresten? Er det litt utdatert, eller er kongefamilien framleis gode representantar for Noreg? Vel, uansett. Båtane så vel som husa er fargerike. 


Ein super marknad i Mindelo, men ikkje ein supermarknad. 


Innimellom solinga, jogginga, surfinga, dei rolege kveldane og dei gode middagane må me stundom fridykka litt. Då er det superdupert med dei store bussane som går på øya. Der er det plass til 16 på innsida, og 5 på utsida. Og så går dei fort og ofte.


Fiske er ein sentral næringsveg her. Her er ein fiskar frå sørsida av Sao Vicente som stolt syner fram fangsten sin. Ein skal tidleg krøkjast om god krok skal bli heiter det, men det får no vera måte på. Ikkje det at guten på bilete skal bli ein fiskekrok då.


Dette er eigentleg eit bilete ein ikkje kan seie så mykje om, men fargane var nokså fine. Det syns i alle fall me på Blomsterskatt. Det er no ein fiskebåt og eit garn, men det har dei jo i Noreg også. Problemet med garn er vel at ein må stå så forferdelig tidleg opp for å sanka fangsten. Men så får ein jo gjerne mykje fisk også. Då vert det store spørsmålet: er fisk eigentleg betre enn indrefilèt, eller filet mignion som me gjerne kallar det, no som me har blitt så verdsvante? Ikkje veit me. Men denne fiskebåten leigde me iallefall for ein dag, med sjåfør. Litt ironisk, tenkjer du kanskje, at me leigde oss ein båt, me som har eigen båt allereie som 24-åringar og allting. Men fordelen med denne båten var at det fylgde med ein kaptein som verkeleg visste kvar det var gode tilhøve for fridykking. Difor leigde me oss båten med ein kaptein. Kapteinen såg ut som ein innvandrar slik me kjenner dei i Noreg, men han var ganske flink til å køyra båt likevel.


Ole forhandlar om prisen for å leiga ein båt og eit menneske for ein dag.


Jonatan, ein trufast kamerat frå Golden Orchid, vart med på fridykkinga i lag med medsiglaren sin, Sigbjørn. Golden Orchid har me møtt i fleire hamner gjennom heile turen. Jonatan er politimann og medlem i Taliban. Neida. Men han er faktisk politimann.


Sigbjørn er ikkje medlem av Taliban, men er barnevernspedagog. Neida. Han har jo våpen. Joda. Han er faktisk barnevernspedagog. Men han er ein naturens mann i tillegg. 


Når dei sjøset båtar på Kapp Verde verkar dei til å nytta mest bornehender. Det er rart sidan born er så svake samanlikna med for eksempel mannskapet på SY Blomsterskatt.


Sola skin for det meste på livets glade gutar.**


Ole Martin er mann med stor M og har dykkarsertifikatet. Han kom seg difor djupast ned av oss alle, og fekk skoten middag til heile gjengen med harpunen sin. I overflata sym eg med ein speedo eg fekk av Ragnhild, frå SY Elze, til jul. Den sat som eit skot.


Siste mote på Kapp Verde er å nytta påhengsmotor som skjerf. Særleg tøff er ein om ein kan gå med ein ekte Yamaha rundt halsen.


På grunn av tidsskilnaden kom jula særs seint til Kapp Verde. Etter å ha motteke julehelsingar frå fjern og nær i fleng, kom jula endeleg til oss også (neida, me mottok eigentleg ganske få julehelsingar. Det får de ta som sjølvkritikk, de som les denne bloggen. Send oss helsingar! Særskilt rundt høgtider som jul, halloween og valentine og slikt!). Då hadde me venta så lenge at me nesten trudde at jula aldri skulle koma til oss. Men så kom ho. Me hadde pinnekjøt, som seg hør og bør, både på julafta og på julebordet vårt. 


Alle menn treng litt pizza, cola og CS 1.6 stundom. I romjula arrangerte me LAN i SY Blomsterskatt med fem deltakarar.


Etter ein dag med LAN er det godt å komma seg litt ut. Dette bilete er teke frå ein taxitur. Taxiane her er ofte pickupar der ein sit på lasteplanet. Her er me på veg mot ei surfestrand og eit lite fjell. Daniel har vorten så glad i Kapp Verde at han har kjøpt seg både fotballdrakta deira, og ein cap det står Kapp Verde på.


Kvifor gå når ein kan ta taxi? Vegen opp til Monte Verde på Sao Vicente er morosam. Dauden rann ut av kvitauga på heile Blomsterskatt då me køyrde opp langs dei stupbratte fjellsidene.


Nice price taxi.


Her er mykje å gjera. Medan somme prøvde vindsurfing, gjekk andre på klippetur.


Sigbjørn fann ein gummiring som var festa til ein gjennomsiktig ballongliknande sak på klippeturen. Han vart svært glad i denne ringen, og hadde den i monen nesten heile dagen.


På slutten av dagen fortalde me Sigbjørn sanninga om ringen: det kunne vera at gummien gav frå seg farlege avfallstoff. Då vart han frå seg og kasta heile ringen i sjøen, saman med ein stein han fann.


Klippeturen var bratt, og somme stadar nokså smal. Men ikkje for smal for staute mannfolk.


Enden var eit fyrtårn, og då er jo allting eit fyrtårn.


I dag reiste heile SY Blomsterskatt i lag med 7 andre på ekskursjon til naboøya, Santo Antão. Derifrå kunne må sjå Sao Vicente, øya der Blomsterskatten ligg for anker, i eit nytt perspektiv.


På Santo Antão venta ein long fjelltur. Daniel har vorten så glad i fotballdrakta si at han nektar å ta den av. Han søv med den, og seier at han skal gå med den kvar dag resten av livet.


På Santo Antão har dei høge fjell og bratte, brulagte stiar. 


Nesten litt romantisk å vandra i dei grøne dalane. Men berre nesten. SY Blomsterskatt har eit sopassa barskt mannskap at romansar, det er noko me ikkje snakkar om.


På Kapp Verde er det heilt vanleg å mekka bil i forkle, med ring i øyra. Det feminine møter det maskuline i skjøn harmoni her. 


Santo Antão i motsol. Ikkje så halvgalen utsikt eigentleg.


Her ligg me no. Med rundt 25 grader i vatnet og herleg frisk vind kan ein ikkje seie me har det vondt. Me gler oss dog til å kryssa Atlanterhavet, så me kan bla vidare til neste kapittel. Når det blir kjem an på vind og humør, men me reiser truleg ila. ei veke.


(Tekst: Roger, Foto: Roger. Bilete merka med *: Golden Orchid. Bilete merka med **: Ole Martin)