Den 4. august rettar me navelen mot havet og legg ut på langtur. Ole Martin, Daniel og Roger. Me skal sigla SY Blomsterskatt til Karibia og attende. Ca. Det vert kjekt og spanande, og kanskje litt skummelt. Men heilt sikkert mest kjekt. Og vått.
Det var mykje å gjera, men Ole Martin og Roger var arbeidskarar med stor A, så det gjekk kjempebra.
Rust måtte pussast frå kjølen:
Oppvasken måtte takast:
Toalettet måtte ordnast:
Og så måtte me venta i eit busskur i to timar:
Rett innom eit utrdrikningslag rakk me også. Gratulera til Thomas som har ordna seg kone:
Og så måtte me lima ytterdøra vår med trelim:
Kva er vel eit vindauge om det ikkje held tett? Me smurte på eit lag med gris på alle pakningane:
Ein lyt lesa bøkjer om ein skal opp og fram seier alltid mamma Drange. Difor las eg bok:
Og så fuga me eit vindauge frå utsida. Det vart bra på oppsida, men på nedsida var me dårlige. Resten tek me ein annan dag:
Ingen Blomsterskatt utan ein Blome. Me kjøpte oss ein With 265 Sport som følgjebåt. Ein draum drå ungdomen. Den går ca. 3x så fort som Blomsterskatt:
Me smurte også på eit lag med bunnsmørning på SY Blomsterskatt. No veg ho 4 kg meir. Det er utruleg at den tunge posen eg bar frå butikken og ned til båten no ligg smurt utover som eit tynt, blått lag:
Kva er ein siglebåt utan motor? Me skifta sinkanodane på drevet og fekk på propellen att:
Alle arbeidskarar treng ein pause. Me naut eit beskjedent måltid i røykundskanalen på flybridgen på ein beskjeden båt:
Gass er kjekt å koka med og å lukta på, men det er keisamt å sova med mykje gass i rommet. Difor ordna me gassalarmen. Det var dødslett. Berre til å skru på straumen så verka han:
Me var også tenkt til å ordna landstraumsladaren, men det gadd me ikkje, så me kasta han istadenfor. Drittlandstraumsladar:
I dag var det sundag og sundag er kviledag. Sidan me er kristne arbeida me berre halv dag idag. Resten av dagen åt me omelett og bollar. Og så bestilte me oss redningsflåte, sikkerhetsline og liknande på
internett.
(Tekst: Roger, Bilete: Roger)